Sem Sæland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sem Sæland (17. april 1874–25. april 1940) var ein norsk fysikar, høgskule- og universitetsrektor og stortingsrepresentant.
Sæland vart fødd på garden Sæland i Time kommune på Jæren i Rogaland fylke.
Sæland deltok i Kristian Birkeland si nordlysforsking kring 1900. Han var professor i fysikk og rektor ved Norges Tekniske Høgskole (NTH) frå 1910 til 1914. Sæland var den fyrste rektoren på NTH. Han var professor ved Universitetet i Oslo frå 1922 og rektor der frå 1927 til 1936.
Sæland var uavhengig representant for Baklandet krins (Trondheim) på Stortinget frå 1916 til 1918.