Time kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Time kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1121
Fylke Rogaland
Adm.senter Bryne
Areal 182 km²
Folkemengd 17 437 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Reinert Kverneland (H)
Målform Nynorsk
Nettstad www.time.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1121.svg
Time kommune på Commons

Time kommune ligg på Midt-Jæren i Rogaland fylke og grensar i nord til Sandnes i nord, i aust til Gjesdal og Bjerkreim, i vest til Klepp og i sør til . Kommunen har stort sett hatt dei same grensene sidan 1838. I 1970 og 1989 vart to mindre område overførte til Gjesdal.

Administrasjonssenter i Time er Bryne. Lokalavisa er Jærbladet som òg dekkjer kommunane Hå og Klepp.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Frøylandsvatnet

Time har i aust og vest to ulike landskapsformer. Jærsk, flatt landskap pregar dei vestlege områda med store jordbruksareal. I aust hevar landskapet seg og går over til meir kupert heilandskap. Det høgste punktet i Time er Bruskanuten på 430 moh.

Busetnaden i Time er konsentrert kring tettstadene. Kommunesenteret Bryne har 10 514 innbyggjarar (2012). Av andre tettstader kan nemnast Lyefjell med 2 201 innbyggjarar (2012), Undheim med 487 innbyggjarar (2012) og Kvernaland med 6 707 innbyggjarar (2012) der over halvparten av innbyggjarane bur i nabokommunen Klepp.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Av kommunearealet på 182 km² er 13 km² ferskvatn og 68 km² jordbruksareal. Landbruket og husdyrhaldet er viktig i Time, med mellom anna hønse-, saue-, storfe- og svinehald. Industrien sysselset trass i dette kring dobbelt så mange.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Sørlandsbanen går gjennom Time og det er eit fabrikksidespor til Kvernaland. Rv44 går vest for Frøylandsvatnet til Sandnes og Stavanger. Aust for Frøylandsvatnet går Fv505 Mellemstrand-Undheim–Kvernaland–Ganddal. Fv506 går frå Bryne austover til Ålgård og Fv504 til Bue der han går inn i E39.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Sommarstova til forfattaren Arne Garborg
Bryne Mølle er tusenårsstaden til kommunen

Kommunen og soknet er kalla opp etter garden Time, der Time kyrkje ligg. Kommunen kom til i samband med formannskapslovene i 1837. På Undheim ligg Time bygdemuseum, med mellom anna Fotland kraftstasjon som no er vasskraftmuseum, og husmannsplassen Træe. I tillegg har Kverneland fabrikker bedriftsmuseum. På Lyngaland er det ein gard frå jarnalderen.

Arne Garborg (1851–1924) var fødd i Time. Både barndomsheimen hans, Garborgheimen, og diktarstova og sommarhuset Knudaheio er begge karakteristiske jærhus og er tilgjengelege for publikum som ei avdeling av Time bygdemuseum. I 2012 opnar Nasjonalt Garborgsenter på Bryne. Det skal vera ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne og Hulda Garborg og deira tankar og visjonar. Det vil vera eit levande senter for demokrati, kunnskap og skaparkraft.

Tusenårsstaden til kommunen er Bryne Mølle. Mølla er saman med kulturhuset Storstova det regionale kulturhuset i Jæren. Tusenårstreet vart planta ved kyrkjegarden ved Time kyrkje.

Kommunenamn og -våpen[endre | endre wikiteksten]

Namnet Time stammar frå norrønt Þímin. Fyrste leddet kan ha samanheng med angelsaksisk Þínan, 'bli våt', eller norrønt þiðr, 'isfri', og siktar til myrlendt terreng. Sisteleddet tyder vin, 'eng'. Ein person frå Time blir kalla timebu.

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon i 1977. Motivet er på raud botn ei sølv vipa med utslådde venger. Vipa står som symbol for optimisme og førehandstru.

Kjende folk frå Time[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 58°44′10.9″N 5°39′10.6″E