Max Reger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Max Reger

Johann Baptist Joseph Maximilian Reger (19. mars 187311. mai 1916) var ein tysk komponist, pianist og organist. Han vert av mange rekna som den viktigaste tyske orgelkomponisten etter Johann Sebastian Bach.

Reger var ein nyskapande komponist, som blanda dei dristige harmoniane åt Franz Liszt og Richard Wagner med ein innfløkt Bach-liknande kontrapunktikk, og soleis skapte ein syntese av barokke og romantiske idéal. Han nytta ofte variasjonsformer, som partita og passacaglia. Utanom dei store orgelverka vert Reger hugsa best for orkesterverket Variasjonar og fuge over eit tema av Mozart, men han var enormt produktiv i dei fleste former utanom opera.

Som utøvar var Reger ein glimrande pianist, men til liks med Sigfrid Karg-Elert ein heller svak organist. Venen Karl Straube, ein av dei fremste organistane i Europa, framførte og fronta Reger sin orgelmusikk.

Livsskildring[endre | endre wikiteksten]

Reger var fødd i den bayerske byen Brand. Han fekk tidleg pianotimar av Adalbert Lindner i Weiden. I 1888 vitja Reger Richard Wagner-festivalen i Bayreuth, og vart svært påvirka av Wagner sin musikk. Frå 1890 lærte han komposisjon av Hugo Riemann i Wiesbaden, der han vart kjend med Eugen d'Albert og Ferrucio Busoni.

I 1898 flytta Reger attende til Weiden, og skreiv fleire store orgelverk; koralfantasiar over «Ein' feste Burg ist unser Gott», «Freu' dich sehr, o meine Seele!», «Wie schön leucht't uns der Morgenstern» og «Straf' mich nicht in deinem Zorn», i tillegg til Fantasi og fuge i c-moll. Richard Strauss hjelpte Reger med å få dei utgjevne. Det neste store orgelverket, Fantasi og fuge over BACH, komponert i 1900, vekte stor åtgaum i det tyske musikkmiljøet, og var hans endelege gjennombrot som komponist.

I 1901 flytta Reger og kona Elsa von Bercken nee von Bagenski til München, der han etter kvart byrja fekk jobb som professor i kontrapunkt, komposisjon og orgelspel på musikkonservatoriet. Her skreiv han si vidkjende Modulasjonslære (Beitrage zur Modulationslehre), og fleire artiklar om sin eigen komposisjonsstil.

Frå 1907 var Reger professor i komposisjon på musikkkonservatoriet i Leipzig. Han dirigerte òg hofforkesteret i Meiningen frå 1910 til 1914. I 1915 flytta Reger til Jena, der han budde fram til han vart råka av eit hjarteslag og døydde i 1916.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

The Max Reger Foundation of America®, New York City