Shock the Monkey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shock the Monkey
Singel av Peter Gabriel
frå albumet Peter Gabriel
B-side «Soft Dog»
Utgjeve September 1982
Innspelt 1981-1982
Sjanger New Wave
Lengd 3:57 (singel)

5:23 (album)

Selskap Geffen
Produsent David Lord, Peter Gabriel
Peter Gabriel-kronologi
«Biko»
(1980)
Shock the Monkey = «Walk Through the Fire»
(1984)

«Shock the Monkey» er ein song frå 1982 av Peter Gabriel. Han vart gjeven ut som singel og nådde 29. plass på Billboard Hot 100 i USA og toppen av Billboard Top Tracks-lista.[1] Songen var den første Gabriel fekk på Topp 40 i USA. I Storbritannia nådde songen 58. plass på singellista. Songen vart gjeven ut på det fjerde soloalbumet til Gabriel, i USA kalla Security. I tillegg til den «ubøyelege gjentakande frase» som «ikkje høyrdest ut som noko anna på radio på den tida»,[2] er songen kjend for den populære og noko forstyrra musikkvideoen med Gabriel (med kvit andletmåling) og ei kapusinarape som såg skremd ut.

Tolking[endre | endre wikiteksten]

Trass i tittelen og innhaldet i videoen vert songen ofte rekna for å handle om anten dyrerettar eller ein referanse til dei kjende eksperimenta til Stanley Milgram skildra i boka hans Obedience to Authority.[3] Songen handlar ikkje om nokon av delane, men ein annan Gabriel-song, «We Do What We're Told (Milgram's 37)», frå So i 1986, omhandlar Milgram direkte. Gabriel sjølv har skildra «Shock the Monkey» som «ein kjærleikssong» som utforskar korleis sjalusi kan utløyse dei grunnleggande instinkta ein har. Apa er ikkje ei bokstavleg ape, men ein metafor for sjalusikjensla.[4]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Shock the Monkey» vart gjeven ut på ein 7" biletdisk i tillegg til svarte vinylsinglar på 7" og 12". Ein remix på 8:12 der vers og refreng er sungen av Gabriel på tysk innimellom engelske vers og refreng. Eit konsetopptak av songen finst på albumet Plays Live (1983). Songen finst òg på samlealbuma Shaking the Tree (1990) og Hit (2003). Musikkvideoen finst på DVD-samlinga Play (2004).

Remix-konkurranse[endre | endre wikiteksten]

Det vart halde ien konkurranse på Internett i septemnber 2006 av Realworld Remixed der musikarar og lydteknikarar kunne sende inn ein remix av songen. Dei originale lydspora vart gjort tilgjengeleg for nedlasting, slik at ein fekk eit sjeldant høve til å arbeide med råmaterialet frå ein hitsong. Vinnare var Multiman.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982/1983) Plassering
USA Billboard Hot 100[5] 29
Billboard Hot Mainstream Rock Tracks 1
Billboard Dance/Disco 26
Billboard Hot Black Singles 64
USA Cashbox Pop Singles[6] 33
UK Pop Singles[7] 58

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Alternativ metal-bandet Coal Chamber spelte inn «Shock the Monkey» i 1999 for album Chamber Music. Med seg hadde dei Ozzy Osbourne på gjestevokal. Det vart òg laga musikkvideo av singelen regissert av Dean Karr. Andre som har spelt inn songen er Don Ho, det finske bandet Suburban Tribe og Vitamin String Quartet.

Bruk i media[endre | endre wikiteksten]

  • «Shock the Monkey» finst i opninga av filmen Project X.
  • Songen vert nytta i ein episode kalla Raisins i South Park.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 246.
  2. Allmusic song review. Henta den 22. januar 2013.
  3. iFilm synopsis. Henta on 22. januar 2013.
  4. Chris Welch (1998). The Secret Life of Peter Gabriel: p.136
  5. Billboard.com. Henta on 22. juni 2008.
  6. Aol.com. Henta on 22. juni 2008.
  7. Polyhex.com. Henta on 22. juni 2008.