Peter Gabriel (1977)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Gabriel
Studioalbum av Peter Gabriel
Utgjeve 25. februar 1977
Innspelt juli 1976 – januar 1977, The Soundstage, Toronto i Canada
Sjanger Eksperimentell rock, progressiv rock, hardrock
Lengd 41:42
Selskap Atco (US & Canada)
Charisma
Produsent Bob Ezrin
Kritikk
Peter Gabriel-kronologi
Peter Gabriel Peter Gabriel
(1978)

Peter Gabriel er det første studioalbumet til den britiske musikaren Peter Gabriel og det første av fire album med same tittel. Albumet kom ut den 25. februar 1977 og var produsert av Bob Ezrin. Gabriel og Ezrin samla saman eit band av talentfulle musikarar, inkludert Robert Fripp frå King Crimson, for å spele inn albumet. Då albumet kom ut la Gabriel ut på turné med eit sju mann stort band under sitt eige namn.

Dette albumet vert ofte omtalt som Peter Gabriel 1, Car eller Rain, som syner til plateomslaget laga av Peter Christopherson (òg kjend som «Sleazy» frå Hipgnosis). Bilen var ein Lancia Flavia som Storm Thorgerson eigde.[5]

Albumet nådde sjuandeplassen på albumlista i Storbritannia og 38. plass i USA.

Den første solosuksessen til Gabriel kom med singelen «Solsbury Hill», eit sjølvbiografisk stykke som uttrykte tankane hans kring avskjeden i Genesis. Sjølv om han var nøgd med musikken, følte Gabriel at albumet og særleg songen «Here Comes the Flood» var overprodusert. Ein enklare versjon er å høyre på Exposure av Robert Fripp, framføringa hans på Kate Bush sin fjernsynsspesial frå 1979 og ein tredje versjon på samlealbumet Shaking the Tree (1990). Han har ofte spelt songen på konsertane sine med berre han sjølv og keyboard, anten på tysk eller engelsk, avhengig av publikum.[6]

Det finst ein noko annleis versjon av albumet gjeve ut på Direct Disk Labs. Han har ein lengre versjon av «Slowburn» (5:16 i staden for 4:36) der heile introduksjonen til songen er teken med. Alle andre versjonar av songen har denne introduksjonen korta ned.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Under The Lamb Lies Down on Broadway-turneen fortalte Gabriel til venene sine i Genesis at hadde han kom til å slutte i bandet,[7] fordi han hadde vorte fråskild resten av bandet og sleit med ekteskapet sitt. Han fullførte likevel turneen. Vendepunktet kom under det vanskelege svangerskapet til kona, Jill, og fødselen til det første bornet deira, Anna. Då han valte å heller vere med den sjuke dottera og kona, i staden for å gå i studio eller spele konsertar, valte han å slutte i bandet då resten av gruppa tok dette ille opp.

I eit brev til tilhengjarane gjennom musikkpressa mot slutten av turneen, kalla Out, Angels Out, forklate Gabriel at «...reiskapen me hadde bygd i lag for å tene låtskrivinga vår hadde fått makt over oss og bura oss inne i sukssen me ønskte. Det påverka haldninga og sjela i heile bandet. Musikken har ikkje tørka inn og eg respekterer framleis dei andre musikarane, men rollene våre hadde blitt vanskelege.».[8]

Gabriel avslutta brevet med: «Det er ikkje noko fiendskap mellom meg og bandet eller leiinga. Årsaka til at eg ikkje har annonsert tidlegare at eg slutta, er fordi eg har blitt bede om å vente til dei hadde funne ein erstattar til å fylle holet. Det er ikkje utenkeleg at dei somme av dei kjem til å arbeide med meg på andre prosjekt».[8]

Phil Collins sa seinare at dei andre medlemmane «...var ikkje sjokkerte over at Peter drog, sidan me hadde visst om det ei stund.» Bandet valte å halde fram utan Gabriel.[9]

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Peter Gabriel vart spelt inn ved The Soundstage i Toronto i Canada med produsent Bob Ezrin mellom juli 1976 og januar 1977; i tillegg til innspelinga ved Morgan Studios i London i England og Olympic Studios i London. Gabriel og Ezrin samla saman musikarar for innspelingane som Robert Fripp frå King Crimson, bassist Tony Levin som seinare spelte i King Crimson, trommeslagar Allan Schwartzberg, perkusjonist Jimmy Maelen, gitarist Steve Hunter, klaverspelar Jozef Chirowski og Larry Fast på synthesizers og programmering.

Albumet kom ut 25. februar 1977 på Atco (USA & Canada) og Charisma, og nådde sjuandeplassen på albumlista i Storbritannia og 38. plass i USA.

Den første singelen frå albumet var «Solsbury Hill» som nådde Topp 20 i Storbritannia og Topp 70 i på Billboard Hot 100. Den andre singelen «Modern Love», gjorde det ikkje like bra.

Etter at Peter Gabriel kom ut la Gabriel ut på turné med Robert Fripp (stundom under pseudonymet «Dusty Rhodes», og stundom spelte han bak scenen) og Steve Hunter på gitar, Tony Levin på bass, Larry Fast på synthesiser, Alan Schwartzberg på trommer, Phil Aaberg på klaverinstrument og Jimmy Maelen på perkusjon. Seianre skifta han ut ein del av bandet og hadde med Sid McGinnis på gitar, Tony Levin på bass, Jerry Marotta på trommer og Bayette på klaverinstrument.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «Moribund the Burgermeister»   4:20
2. «Solsbury Hill»   4:21
3. «Modern Love»   3:38
4. «Excuse Me» (Gabriel, Martin Hall) 3:20
5. «Humdrum»   3:25

Side to[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «Slowburn»   4:36
2. «Waiting for the Big One»   7:15
3. «Down the Dolce Vita»   5:05
4. «Here Comes the Flood»   5:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album
År Liste Plassering
1977 Billboard Pop Albums 38
Singlar
År Singel Liste Plassering
1977 «Solsbury Hill» Billboard Pop Singles 68
1983 «Solsbury Hill» Billboard Pop Singles 84

Salstrofe[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
BPI – UK Gull 13. juni 1979

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen T. (2011 [last update]). «Peter Gabriel [1] - Peter Gabriel | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r7910. Henta 24. september 2012. 
  2. Christgau, R. (2011 [last update]). «Robert Christgau: CG: peter gabriel». robertchristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=peter+gabriel. Henta 24. september 2012. 
  3. Demorest, Stephen (26. juli 2001). «Peter Gabriel: Peter Gabriel [1] : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen den 24. januar 2008. http://web.archive.org/web/20080124131704/http://www.rollingstone.com/artists/petergabriel/albums/album/122606/review/6212031. Henta 24. september 2012. 
  4. «Peter Gabriel: Album Guide». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/artists/peter-gabriel/albumguide. Henta 22. oktober 2012. 
  5. hypergallery.com
  6. youtube.com
  7. Mankowitz, Gered. «Help!». Mojo Magazine, april 2007.
  8. 8,0 8,1 "Gabriel, Peter. «Out, Angels Out - an investigation" genesis-path.net,. august 1975. Henta on 19. september 2012.
  9. Welch, Chris. «Peter Gabriel Quits Genesis». Melody Maker, 23. august 1975.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]