Sildemåse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sildemåse

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]

Larus fuscus w.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridae
Slekt: Larus
Art: L. fuscus
Vitskapleg namn
Larus fuscus
Sildemåke, sildemåse
Norske dialektnamn
Slogmåse, smår (Nordland)[2]
Namn på andre språk
Nordsamisk Sildegáiru
Svensk Silltrut
Engelsk Lesser Black-backed Gull
Tysk Heringsmöwe
Fransk Goéland brun
Spansk Gaviota sombría
Russisk Klusja (Клуша)
Færøysk Likka

Sildemåse (Larus fuscus) er ein fugl i måsefamilien.

Innhaldsliste

[endre] Kjenneteikn

Dei vaksne fuglane har gråsvart/svart overside, medan resten av kroppen er kvit. Beina er gulfarga og med svømmeføtter. Dei har store spisse vengjer og flyt lett. Kjønna er like. Ungfugl har ein meir brunspetta fjørdrakt.

Sildemåsen kan likna på svartbak.

[endre] Utbreiing

Sildemåsen er langs heile kysten med hovudvekt i Sør-Noreg.

Sildemåken er i all hovudsak knytt til kyststrøk, og hekkar ofte på holmar og skjer langt ute i havgapet. Under hekkesesongen finn ein han som regel i koloniar. Det er også funne reir nokon få gonger i innlandet. Majoriteten av den norske bestanden finst i Sør-Noreg. Om lag 25 000 par hekkar i Noreg.

Sildemåsen er ein trekkfugl, og svært få individ tilbringer vinteren i Noreg. Dei fleste dreg til Sørvest-Europa og Marokko, og tildels innover mot Middelhavet og Svartehavet. Dei trekkjer ut av landet frå august til oktober, og kjem tilbake frå vinterkvartera i mars-april.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sildemåse

[endre] Fotnotar

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk