Svartbak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svartbak

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]

Svartbak Foto: Robert Eliassen
Svartbak
Foto: Robert Eliassen

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridae
Slekt: Larus
Art: L. marinus
Vitskapleg namn
Larus marinus
Svartbak
Namn på andre språk
Norrønt Svartbakr
Nordsamisk Mearragáiru
Svensk Havstrut
Dansk Svartbag
Engelsk Great Black-backed Gull
Tysk Mantelmöwe
Fransk Goéland marin
Spansk Gavión atlántico
Russisk Morskaja tsjajka, (Морская чайка)

Svartbak (Larus marinus) er ein fugl frå måsefamilien. Han vert ogso kalla for havmåse; i Nord-Noreg vert han gjerne kalla stormåse, eit namn som òg kan omfatte gråmåsen. Arten er jaktbar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Svartbaken er den største av måsane med si lengd på 70 cm og vekt på om lag 1,5 kg. Både hann- og hofuglen er svært like. Dei vaksne fuglane har gråsvart/svart overside, medan resten av kroppen er kvit. Ungfugl har ein meir brunspetta fjørdrakt.

Viktige fluktkjenneteikn er dei kvite vengespissande. I flukt virker dei svarte vengene breiare og ikkje så spisse.

I vinterdrakt har hovud og hals brune strekflekker. Ungfuglane kan likne på gråmåsa, men den kvite undersida er mindre flekkete hjå svartbaken. Den brunspraglete oversida er meir kontrastrik.

Forvekslingsart[endre | endre wikiteksten]

Fuglen liknar mykje på sildemåse, men er mykje større, medan beina er gråaktige og kjøttfarga, ikkje gule. Ungfuglar er vanskelege å sjå forskjell på.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Svartbaken rugar langs det meste av norskekysten. Han rugar i spreidde par eller i koloniar, som regel på små eller store holmar, og har nokså stort reir av strå, tang og mose. Svartbaken legg 3–4 egg i april til mai. Egga er mykje større enn eit vanleg måseegg. Dei er lys gråbrune med svakt grønaktig skjær og med mørkebrune og gråfiolette flekkar.

Ungane er flygedyktige 45–50 dagar gamle, men dei forlet reiret rett etter dei kjem ut av egget. Han er vaksen etter fire år. Stemma er mørk og grov.

Svartbakflokk i Ontario i Canada.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Svartbaken er ofte på tokt der han tek både egg og fugleungar. Dei et og mindre sjødyr, smågnagarar, åtsel og avfall. Mange overvintrar, andre reiser i august til vest-Europa.

Som vaksen har ikkje fuglen noko særleg til fiendar, men ungane kan takast av både rev og rovfugl.

Ein finn han ofte ilag med flokkar av storskarv. Han et ein del av det skarven gulpar opp.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Svartbaken held til langs kysten av Nord-Atlanteren, og hekker frå austkysten av Nord-Amerika over Grønland og Island til dei europeiske kystane frå det nordlege Frankrike i sør til omkring Murmansk i nordaust. Han finst langs heile norskekysten og noko meir sjeldan ved ferskvatn i innlandet. Vanlegast er han frå Vestlandet og nordover. Han har den mest maritime tilknytinga av dei norske måseartane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Svartbak

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rødlistedatabasen (vitja 19. juli 2010)