Linjeskip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
HMS «Victory», britisk linjeskip, flaggskipet til viseadmiral Horatio Nelson under slaget ved Trafalgar, bilete er teke i Portsmouth i 1884

Eit linjeskip er eit tremasta, fullrigga orlogsfartøy med to eller tre, og i nokre få tilfelle fire, dekk, utrusta med 50 til 130 kanonar. Dei første linjeskipa vart bygde på 1600-talet. Linjeskipa vart utrangert ved innføringa av pansra skip i 1860-åra.

Linjetaktikk[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet tyder eigentleg ikkje ein skipstype, men den tiltenkte funksjonen til skipa i takt med ny sjøkrigstaktikk frå midten av 1600-talet. Det var knytt til ei utvikling av artilleriet. Tidlege utgåver av skipsartilleri hadde lang ladetid med mange prosedyrar, og ladaren var utsett for fiendtleg eld ved at han måtte ut av kanonporten for å reinse og å sette inn ny ammunisjon. Med nye, meir effektive prosedyrar for lading og handsaming saman med nye metodar som å trekke kanonen tilbake på kanondekket ved hjelp av rekylen til kanonen, vart det mogeleg å lade raskare. For å få full utteljing for dette avgjorde dei engelske sjøoffiserane å nytte linjetaktikk ved å gruppere flåten i linjeformasjon under slaget ved Gabbard i 1653. At det var George Monck og Richard Deane som var ansvarleg, var ingen tilfeldigheit sidan dei først og fremst var artillerioffiserar som såg skipa sine meir som flytande kanonbatteri enn som skip. Dessutan hadde engelskmennene vore opptekne med å bygge ein ny generasjon krigsskip med sterk eldkraft midtskips og solid konstruert så fartøyet tolte meir i kamp.

Linjetaktikken vart raskt respektert og det var ikkje lenge før dei fleste marinar i Europa gjekk over til bruk av kjølvassorden, dvs. linjeformasjon i kjølvatnet til kvarandre. Den nye effektiviteten til skipsartilleriet sørgde for ein langt meir spesialisering i skipsbygging for å kunne ha skip med flest mogeleg kanonar og ein robust konstruksjon. Krigsskip meint for eit sjøslag som nytta den nye sjøtaktikken vart dermed kalla linjeskip.

Galeon til linjeskip[endre | endre wikiteksten]

«Sovereign of the Seas» (1637)

Galeonen som forgjengaren for linjeskipet på 1500-talet, var det vanlege krigsskipet i rundt hundre år framover. Regalskipet «Vasa» var ei slik skip, meir eit stort skip vidareutvikla frå galeonen enn ein galeon eller eit linjeskip ved sjøsettinga i 1628. «Vasa» kan seiast å ha vore ein overgangstype med to uavbrotne kanondekk og tungt artilleri. Danmark-Noreg si «Tre Kroner» bygt i 1601-1604 og England si «Prince Royal» bygt i 1610 var dei første store krigsskipa med meir enn 1 500 tonn i deplasement og dei staka ut vegen for ein ny generasjon med krigsskip med hovudvekt på eldkraft.

I mellomfasen frå eit skipsteknisk perspektiv skulle galeonen i løpet av fleire tiår gli inn i ein ny skipstype og artilleriet fekk ein større plass i sjøslaga. Todekkaren og tredekkaren var skapt før linjetaktikken vart vanleg i dei seinare sjøslaga frå midten av 1600-talet. Etter 1653 innsåg ein at den gamle sjøtaktikken som hadde tillate variasjon i mengda kanonar og vekta på kanonkulene i eit åtak ikkje lenger hadde livsrett og den nye taktikken utelukka dei svakare krigsskipa frå linjeformasjonen. Ved 1670 var linjeskipet dominerande.

Det første hundreåret for linjeskipet[endre | endre wikiteksten]

Engelsk krigsskip 1728
Skjematisk tverrprofil av skroget på eit gammalt linjeskip med tre kanondekk

I hundreåret frå 1650 til 1750 var eit typisk linjeskip ein kort todekkar med eit lukka kanondekk og eit delvis ope kanondekk med ei opning midtskips mellom bakken på forskipet og akterskipet med eit halvdekk og hyttedekk med opningar i relinga for mindre skyts. Den minste klassen for eit linjeskip den gong var som Third Rate i den engelske målestokken. Eit slikt linjeskip hadde mellom 50 og 60 kanonar sjølv om todekkarane med mellom 40 og 50 kanoner i mindre statar som Danmark-Noreg og Sverige var minstemålet. Eit linjeskip rekna som ein Second Rate i 1670 hadde mellom 60 og 80 kanonar og kunne ha eit ope dekk utan tyngre kanonar i tillegg til dei to lukka kanondekka. Dei største med fleire enn 90 kanonar vart rekna som First Rate, som tredekkarar med kanonportar i alle tre dekk, to lukka og eitt ope.

Men det var linjeskip i andre og tredje klasse som var mest vanleg. Erfaringar hadde vist at store skip med tyngre artilleri ikkje kunne ha for mange kanonar utan å påverke sjødugleiken. Danmark-Noreg og Frankrike var dei første som erfarte det, sjølv om britane tok lærdom av det i det første tiåret inn i 1700-talet. Linjeskip med mellom 50 og 65 kanonar var fram til 1750 regelen sjølv om eit linjeskip i 1650 var noko mindre og med svakare utrusting enn linjeskipet hundre år seinare.

Linjeskip av første klasse, som 126-kanonars «Kronan», var såleis unntaket og det var berre engelskmennene som gjorde stor bruk av desse tredekkarane. Tredekks linjeskip kravde store ressursar, både ved bygging og ved drift, det var naudsynt med stort mannskap, men England valte likevel å satse på store skip. Tredekkaren var problematisk på sitt beste sjølv for engelskmennene, den typiske tredekkaren ved 1710 var eit kort, høgt og dårleg seglførande krigsskip med 80 til 90 kanonar. Nederland måtte samstundes gje opp forsøket sitt på å bygge tredekkarar fordi det grunne farvatnet tvinga dei til å ha ein tredekkar som var lite djupgåande, noko som ikkje var ein suksess.

Frankrike som på midten av 1700-talet hadde prøvd å klare seg med større todekkarar, såg seg tvunge til å ta opp att bygginga av tredekkarar sidan ein tredekkar taktisk sett kunne ha fleire kanoner tilgjengelege under alle omstende. I Nord-Europa hadde tredekkaren vist seg lite praktisk så ved midten av 1700-talet var tredekkaren gjeven opp av Danmark-Noreg og Sverige.

Det andre hundreåret for linjeskipet[endre | endre wikiteksten]

Slaget på Københavns red, 1801, mellom den dansk-norske marinen og britiske Royal Navy, måleri av Nicholas Pocock
74-kanonars todekkar, modell av HMS «Hercules» (1759) eller HMS «Thunderer» (1760).

Ved 1740-åra hadde franskmennene lagt merke til at spanjolane hadde suksess med nye 70-kanonars linjeskip som «Princessa». Skipet hadde to fullstendige kanondekk i femti meter lengde, med større fribord og større stabilitet som artilleriplattform. Siden tredekkaren var altfor kostbar for franskemennene som òg heller ville ha ein flåte av hurtigseglande krigsskip, konstruerte dei tre nye klassar, 64-kanonars, 74-kanonars og 80-kanonars todekkerarar; dei skulle for dei neste seksti åra representere linjeskipet i europeiske sjøstridskrefter.

74-kanonaren var kanskje det beste linjeskipet nokon gong fordi det var det rette kompromisset med sterk utrusting (opptil 32-punds kanonar), hadde tilfredsstillande segleigenskapar, og var billege i bygging og drift samanlikna med ein tredekkar eller ein kort todekkar. Dessutan hadde ein funne fram til ein balanse mellom påkjenningane på skroget og skrogutformninga så ein 74-kanonar kunne halde ut mykje lengre til sjøs. Britane kopierte franskmennene sitt 74-kanonars linjeskip og under napoleonskrigane hadde dei fleste flåtane 74-kanonars linjeskip, sjølv om dei britiske var meir robust konstruert enn dei franske.

64-kanonars linjeskip viste seg å vere godt eigna for mindre sjømakter som Danmark-Noreg, Sverige og Nederland. Dei var mindre djuptgåande men var likevel kraftig utrusta, ein kunne redusere eller auke mengda kanonar og ha mindre eller meir vekt; slik kunne ein få dei rette linjeskipa etter eigne spesifikasjonar. 60 kanonar vart så minstemålet for eit linjeskip ved 1790.

Ein franskmann, Jacques-Noel Sané, skulle i 1786 stå for ei nyorientering i bygging av linjeskip som fram til då vart bygd eitt og eitt. Som skipsingeniør arbeidde han for ei standardisering i skrogkonstruksjon og bruk av vitskaplege metodar slik at det kom serieproduserte skip med eins storleik og utrusting.

Engelskmennene tok etter franskmennene og tilføydde eigne erfaringar og behov. Ved slutten av napoleonskrigane skulle den britisk ingeniøren Sir Thomas Seppings stå for eit gjennombrot i skipsbygging. I 1810 vart «Tremendous» (74) ombygd med X-forma bjelkesystem som bar skipskonstruksjonen. Forsøk har vist at Seppings ganske avanserte konstruksjonsmetode ikkje berre tillet større indre styrke som gav lenger levealder og let det vere til sjøs lengre enn før, men la og grunnlag for større deplasement og dimensjonar.

HMS «Caledonia», gjennomskore modell. Merk X-forma bjelkar og dei tre forsterka kanondekka.

I 1815 til 1850 vart linjeskipet endra frå eit breisides fartøy med opningar i forskipet og akterspeilet til eit heilt innelukka fartøy med kanonportar i alle retningar. Ideen bak linjetaktikken som mellom anna var å unngå å blottstille eigne svake punkt mot sterkare artilleri forsvann derfor gradvis.

Standardisering i bygging, utrusting, utstyr og så rigging gjorde at ein kunne byggje større og auke talet på kanonar. Skipsartilleriet vart standardisert på få kaliber sidan det var mogeleg å lage kanonar med mindre stykkvekt og stort kaliber. I storleik var det no mogeleg å overstige 74-kanonars linjeskip med store 84-kanonars linjeskip.

Damp og segl[endre | endre wikiteksten]

«Le Napoleon» i 1850, det første dampdrivne linjeskipet i Frankrike.

dampmaskinen voks fram var det stor interesse frå sjømilitært hald for å nytte det i linjeskip, men det vart først praktisk ved oppfinninga av propellen. I 1847 kom skipsbyggaren og ingeniøren Dupuy de Lōme med skipsteikningar over eit linjeskip ved namn «Le Napoléon» som ein todekkar på 233 engelske fot og deplasement på 5 040 tonn med 90 kanonar. I 1850 var det nye dampdrivne linjeskipet som vart kalla skruelinjeskip sidan propellen var ein «skrue» sjøsett. Britane kom med eit motsvar i form av «Agamemnon» med 91 kanonar, bestilt i 1849 og sjøsett i 1852.

I de neste ti åra var superfregattar, eller skruefregatter, og store linjeskip bygt med dampmaskineri eller ombygt frå å vere vanlege segskip til delvis dampdrivne og seglførande krigsskip vanleg. Ein todekkar i 1855 vil då ha to lukka kanondekk og eit ope spardekk så ho i røynda var ein tredekkar. Britane tok det eit skritt vidare ved å bygge fem «tredekkarar» med forsterka spardekk. Det tillet eit sprang frå 91 kanoner på 230 engelske fot lengde til 101 kanonar på 240 engelske fot lengde på 5 700 tonn deplasement. Tredekkaren hadde tre lukka kanondekk og eit ope dekk med opptil 135 kanonar på ei lengde mellom 245 og 260 engelske fot.

Samstundes eksploderte linjeskipet i storleik i Storbritannia, USA, Russland og Frankrike. USA sitt «Pennsylvania» sjøsett i 1837 var eit monster på fire dekk med 137 kanonporter for minst 120 kanonar, utan dampmaskineri. Russland bygde fleire tredekkarar, mellom anna «Tsessarevitsj» på 5 850 tonn med 135 kanonar sjøsett i 1857 med eit mannskap på 1 130 mann under damp og segl. I Frankrike vart ein tredekkar med dampmaskineri bygd, «Bretagne» på 6 770 tonn med 130 kanonar. Storbritannia bygde to tredekkarar og fem «todekkarane», men det var dei ombygde linjeskipa som var dei største. «Duke of Wellington» og «Marlborough» var ombygde i 1852 og 1855 då dei var kutta i to og ein seksjon med dampmaskineri sett inn; ferdig forlenga var dei på 6 000 tonn deplasement med ei lengd på 240 til 245 engelske fot. Dei var dei største linjeskipa i den britiske marinen, med 131 kanonar.

Dei breisides panserskipa «Magenta» og «Solferino» i Brest saman med det eldre linjeskipet «Le Napoleon» i 1860-åra.

I 1860-åra var derimot rolla til linjeskipet utspelt etter slaget ved Lissa der eit linjeskip, «Kaiser»(91) deltok i det siste slaget i historia for linjeskip, der det vart massivt skadd av dei italienske breisides panserskipa. Tyngre skyts med større kaliber og panserplater hadde med eitt gjort linjeskipet utdatert. Eksplosive granatar vert vanlegvis rekna som det som gjorde slutt på æraen for treskipa, men dette var ei sanning med modifikasjonar fordi effektiv brannslukking var som regel nok, som sett ved Lissa i 1866.

Skip bygd av tømmer var framleis viktig fordi mange linjeskip, som Danmark sitt «Dannebrog», vart ombygd, nedskore og gjeve panserplater og nytt artilleri så dei vart breisides panserskip. Royal Navy ombygde sju linjeskip som var under bygging til panserskip som breisides panserskip, sentralbatteri panserskip og pansra tårnskip som «Royal Alfred» på 6 700 tonn tenkt som 91-kanonars i 1860. Det siste linjeskipet som var bygd før jern og stål overtok, var todekkaren «Repulse» som vart ombygd til eit sentralbatteri panserskip mellom 1861 og 1868.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]