Skjor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjor

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Elster wikipedia2.jpg

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Corvidae
Slekt: Pica
Vitskapleg namn
Pica pica

Skjor (Pica pica) eller skate er ein stor fugl i kråkefamilien. Ho er standfugl i Europa, store delar av Asia og i Nordvest-Afrika, og er vanleg å sjå i Noreg.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skjora er ein langstjerta fugl med eit karakteristisk mønster i svart og kvitt. Dei svarte fjørene har ein metallskinnande glans i blått, grønt og lilla. Ho kan også vere heilt kvit (albino), som vist på biletet under.

Sitjande skjor.
Foto: Svein Jan Hjelmeset

Skjora trivst best i ope landskap, og ho lever i heile Noreg, heilt opp til bjørkebeltet. Ho er ein standfugl, det vil seie at ho er her heile året.

Skjora et både plantar og dyr. Skjora drep sjeldan byttet sjølv, sidan ho er ein åtselfugl slik som slektningane sine, kråka og ramnen.

Skjora byggjer reir i tre, buskar, under husmøne osb. Alt etter om ho legg reiret høgt eller langt nede i eit tre, har frå gammalt av vore vermerke for resten av sommaren.[1][2] Ho legg 6-8 egg i april-mai. Rugetida er 17-19 dagar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]