Skokholm

Koordinatar: 51°41′52″N 5°16′50″W / 51.69788°N 5.28047°W / 51.69788; -5.28047
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skokholm sett frå Pembrokeshire sørvest i Wales

Skokholm (walisisk Ynys Sgoc-holm) er ei øy 4 km utanfor kysten av det sørvestlege Pembrokeshire i Wales. Ho ligg sør for naboøya Skomer. Øya har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse) og er ein del av Pembrokeshire Coast National Park.

Øya har eit areal på ein kvadratkilometer og er kjend for klippene av gammal raud sandstein, der mykje sjøfugl held til. Skokholm har den tredje største kolonien av havlire som finst, samt ein stor del av den europeiske bestanden av havsvale. I tillegg er det 4500 lundefugl, 2000 teist og alke.[1] Det går båt til Skokholm frå Martin's Haven på fastlandet, men ein kan berre vitje øya etter avtale med Wildlife Trust of South and West Wales.

Øya vart gjort kjend av Ronald Lockley, ein pioner innan ornitologi, særleg for arbeidet hans med lundefugl og havlire. Han oppretta det første fuglereservat i Storbritannia på øya i 1933. I tillegg til fuglane som hekkar her, er det mogeleg å sjå mange trekkfuglar til visse tider av året.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Skokholm kjem frå norrønt og tyder «skogsholmen», og har liknande tyding som Stockholm. Vikingane som vitja Bristol Channel gav namn til denne øya og andre øyar, og desse namna vert framleis nytta i dag.

Øya vart kjøpt for £300 i 1646 av William Philipps, ein advokat, og ho var i familien hans dei neste 360 åra.

Øya har i 2013 to vaktarar på stasjonen.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Skokholm» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mars 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


51°41′52″N 5°16′50″W / 51.69788°N 5.28047°W / 51.69788; -5.28047