Slaget ved Hohenfriedberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Hohenfriedberg
Del av den andre schlesiske krigen i den austerrikske arvefølgjekrigen
Hohenfriedeberg - Attack of Prussian Infantry - 1745.jpg
Åtaket til det prøyssiske infanteriet , av Carl Röchling. Olje på lerret.
Dato 4. juni 1745
Stad Striegau, dagens Polen
Resultat Prøyssisk siger
Partar
Det tysk-romerske riket 1400-1806Austerrike
Sachsen Sachsen
Preussen 1701-1749 Preussen
Kommandantar
Karl av Lorraine
Hertugen av Sachsen-Weissenfels
Fredrik den store
Styrkar
58 700[1]
122 kanonar
58 500
192 kanonar
Tap
8650 døde eller skadde,
5080 fanga
4800

Slaget ved Hohenfriedberg, i dag Dobromierz, var ein av dei store bragdene til Fredrik den store, kongen av Preussen. Den prøyssiske hæren slo den Austerrike|austerrikske hæren under fyrst Karl Aleksander av Lorraine den 4. juni 1745 under den austerrikske arvefølgjekrigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Austerrike prøvde å få tilbake Schlesien, som dei hadde tapt til Preussen under slaget ved Mollwitz. Ein austerriksk arme på om lag 60 000 soldatar (inkludert saksiske troppar) marsjerte til Schlesien. Kommandanten var fyrst Karl Aleksander av Lorraine (svigerbror til keiserinna Maria Teresia). hertugen av Weissenfels kommanderte saksarane.

Motparten hadde ikkje mykje tru på Fredrik og Karl Aleksander sa at «det ville kome nokre dumme feil». Faktisk håpte Fredrik på at Karl skulle kome inn i Schlesien via Riesengebirge, og om han gjorde så ville Fredrik slå til mot den austerrikske hæren og knuse han i eit avgjerande slag. Von Zieten sine husarar skugga den austerriske hæren og heldt Fredrik oppdatert på kor dei til ei kvar tid fann seg, medan Fredrik venta på den rette augneblinken til å slå til. Då fyrste til slutt kryssa fjella tidleg i juni nytta Fredrik høve til å gå til åtak.

Kart over slaget

Den austerrikske hæren marsjerte om lag 50 km nordaust frå Riesengebirge til Striegau (i dag Strzegom). Dei slo leir nær Striegau med saksarane like nordvest for byen ved Pilgrimshain og austerrikarane spreidde seg ut vest og sør for landsbyen Hohenfriedberg. Fronten deira var dekt av elva Striegau, som rann nordover og så vestover gjennom byen Striegau. Den prøyssiske hæren hadde leir sør for denne byen.

Speidarane til Fredrik fann dei austerriksk-saksiske styrkane. Fredrik valde å marsjere nordover med heile styrken sin, like føre austerrikarane, krysse Striegau over ei bru like vest for byen og gå til åtak på saksarane først. Med saksarane borte skulle Fredrik så rulle opp den austerrikske linja frå aust til vest. Han valde å marsjere om natta for å kome overraskande på saksarane. Kommandanten hans Richard de Moulin leia marsjen.

For å klare å snike seg innpå gav Fredrik ordre til troppane sine om å la leirbåla brenne og telta stå oppreist, og han forbaud dei å snakke eller røyke under marsjen.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Planen til Fredrik møtte raskt på vanskar. Det var ikkje nok plass til alle troppane til Fredrik langs ruta, og ein flaskehals oppstod raskt på brua over Striegau, slik at berre eit fåtal styrkar kom seg over.

Det første prøyssiske målet var to åsar føre dei saksiske linjene. Saksarane hadde okkupert desse to åsane dagen før med ein liten styrke. Den prøyssiske fortroppen møtte denne styrken, og dette førte til at resten av saksarane vart varsla, og overraskinga vart ikkje heilt slik Fredrik hadde håpa.

De Moulin valde å gå rundt åsane å slå til midt i den saksiske leiren før saksarane kom i stilling. Det prøyssiske åtaket starta om lag kl. 7 om morgonen.

Nokre saksiske kavaleri kom seg ut på slagmarka, men det prøyssiske kavaleriet slo snart til og jaga dei bort. Det prøyssiske infanteriet storma så den saksiske leiren, og slo dei få saksiske infanteristane som var klar til kamp, samt eit par austerrikske infanteri. Den austlege vinden blåste røyk og støv i andleta til saksarane, og dette var òg ein fordel for prøyssarane. Heile den venstre (saksiske) halvdelen av den austerriksk-saksiske armeen vart øydelagd ved daggry.

På dette tidspunktet hadde austerrikarane vorte varsla om slaget, og frå leirane sine lenger sør og meir verna av elva, flytta dei austerrikske troppane seg mot fronten. Prøyssarane som ikkje enno hadde kryssa Striegau i nord, gjekk raskt vestover og kryssa elva der det passa seg, og dei fann nok vadestader til at dette gjekk bra. Ei bru som kollapsa i den vesle byen Graben gjorde at kavalerikommandanten Von Zieten måtte finne ein vadestad lenger sør.

Det austerrikske kavaleriet var dei første austerrikske troppane som kom ut for kampane, men dei vart brote ned og drive bort av det prøyssiske kavaleriet.

Det austerrikske infanteriet danna to linjer i slaget mot aust, frå Hohenfriedberg nord. Sjølv om prøyssarane no hadde var talmessig i overtak, beit austerrikarane godt frå seg, og mange geværsalvar vart avfyrt mot kvarande på nært haldt.

På dette stadiet kom dei prøyssiske Bayreuth-dragonane, ein stor eining på rundt 1500 mann, inn i slaget. Eit kraftig vindkast blåste bort krutrøyk og støv, og synte ei opning i den prøyssiske linja der dragonane kunne gå til åtak på det austerrikske infanteriet gjennom. Dragonane gjekk til åtak nordover på høgreflanken av den austerrikske linja. Dei dreiv nedover heile linja og fjerna ho fullstendig, før dei så snudde sørover og øydela den andre austerrikske linja.

Austerrikarane, som alt var i undertal, forlatne av sine saksiske allierte og utan støtte frå kavaleriet, starta så å overgje seg en masse. Bayreuth-dragonane slo fleire tusen austerrikske infanteristar og tapte sjølv berre 94 mann. Slaget enda med eit totalt nederlag for den austerrikske-saksiske armeen.

Austerrikarane og saksarane fekk nesten 9000 mann drepne eller skadde, om lag 5000 vart tekne til fange, mellom anna fire generalar og 66 kanoar. Prøyssarane mista om lag 5000 mann.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Hohenfriedberg var ein stor siger for Fredrik, og han fekk raskt tilnamnet «den store» av sine samtidige. Åtaket til Bayreuth-dragonane vart seinare studert av seinare prøyssiske og tyske offiserar som ein modell for aggressivitet og den aggressive anda som Fredrik den store gav hæren sin, samt den store graden av sjølvstyre han gav offiserane sine. Omringinga og utryddinga av det austerrikske infanteriet, og den raske måten slaget vart avgjort på, er ofte knytt til Bewegungskrieg, oftare kjend som Blitzkrieg.

Karl av Lorraine var slått igjen, som han hadde vorte det i slaget ved Chotusitz. Dette slaget viste av prøyssarane kunne knuse ein hær med like mange mann. Den andre schlesiske krigen, som var den siste delen av den austerrikske arvefølgjekrigen som Preussen tok del i, var nesten slutt med dette slaget, og trass i ei nestenulukke i slaget ved Soor mot austerrikarane (som igjen vart ført av Karl av Lorraine), vart fredsavtalen signert i Dresden den 25. desember 1745.

Hohenfriedberger March vart komponert til ære for sigeren av Fredrik sjølv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Slaget ved Hohenfriedberg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chandler: The Art of Warfare in the Age of Marlborough, s.306

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]