Slaget ved Fontenoy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Fontenoy
Del av Den austerrikske arvefølgjekrigen
Battle-of-Fontenoy.jpg
Slaget ved Fontenoy av Edouard Detaille. Olje på lerret.
Dato 11. mai 1745
Stad nær Tournai, i dagens Belgia
Resultat
Partar
Storbritannia 1606-1801 Storbritannia
[[fil:|22px|Hannover 1692-1837|border|]] Hannover
Det tysk-romerske riket 1400-1806 Austerrike
Nederland 1581-1795 Den nederlandske republikken
Frankrike Frankrike
Kommandantar
Storbritannia 1606-1801 Hertugen av Cumberland
Det tysk-romerske riket 1400-1806 Marskalk Koningseck
Nederland 1581-1795 Fyrst Waldeck
FrankrikeLudvig XV
FrankrikeMoritz av Sachsen
Styrkar
50 000[1]
101 kanonar[2]
48 000[3]
110 kanoner[4]
Tap
10 000 -12 000:[5]
5842 britar og hannovarar[6] og 1544 nederlendarar skadd eller omkomne.[7]
3000 - 4500 tatt til fange[8]
40 kanonar[9]
7137[10] skadde eller omkomne.[11]
400 tatt til fange

Slaget ved Fontenoy den 11. mai 1745 enda med ein fransk siger over den britisk-nederlandsk-hannoverske «pragmatiske arméen»[12] under den austerrikske arvefølgjekrigen. Han vart utkjempa nær Fontenoy i Dei austerrikske Nederlanda i dagens Belgia.

Opptakten til slaget[endre | endre wikiteksten]

Moritz av Sachsen

Franske styrkar under marskalk Moritz av Sachsen (De Saxe) hadde utmanøvrert dei allierte med ein skinnmanøver mot byen Mons, som trekte dei allierte styrkane dit. De Saxe marsjerte så med hovudhæren sin mot Tournai som var forsvart av ein nederlandsk garnison på 7000 mann og erobra byen. Med den franske omleiringa av Tournai, vart dei allierte tvungen til å frigje byen sidan han var innkomsten til Flandern. Ein hær som bestod av britar, folk frå Hannover, nederlendarar og austerrikarar under hertugen av Cumberland rykte fram mot Tournai. Denne allierte hæren vart kalla Den pragmatiske hæren sidan han bestod av eit forbund av statar som støtta den pragmatiske sanksjonen av 1713 som anerkjende Maria Teresia som keisarinne av Det tysk-romerske riket.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

De Saxe hadde sett franskmennene i stilling på ei lita høgde og hadde eit sterk utgangspunkt for å kompensere for at dei hadde noko dårlegare kvalitet enn det britiske infanteriet. Kongen av Frankrike, Ludvig XV, var til stades på slagmarka. Den franske linja gjekk rettvinkla langs landsbyen Fontenoy. På kvar side av Fontenoy var der posisjonar som var forsterka med reduttar og feltskansar. Den franske høgresida var i landsbyen Antoing og kvilte ved elva Schelde, medan venstreflanken var i skogane ved Le Bois de Barry. De Saxe valde og forma posisjonen for å leie det allierte åtaket inn i eit ope område mellom Fontenoy og skogane.

Kong Ludvig XV

Den pragmatiske hæren gjorde som han ønskte der marskalk Koningseck førte den austerrikske kontingenten mot Antoing, fyrst Waldeck gjekk til åtak på Fontenoy med nederlendingane, og Cumberland førte hovudstyrken til britane og hannovarane mot trakta mellom Fontenoy og skogen med om lag 15 000 soldatar og 20 kanonar.[13] Waldeck sine to åtak på Fontenoy til venstre for britane vart slått tilbake og Ingoldsby på den britiske høgreflanken klarte ikkje å ta redutten d'Eu slik at denne sida hos britane var utsett for eld frå denne posisjonen.

Mot all forventing klarte britane å passere Fontenoy i ei stor, lang rekkje, kalla «helvetesrekkja», med engelskmennene på høgresida og hannovarane på venstre. Dei to infanterirekkjene vart pressa saman til tre rekkjer etter kvart som det vart trongare om plassen. Dei fleste av hannovarane i rekkja til venstre danna ei tredje rekkje då dei vendte seg bort frå Fontenoy. I starten kompenserte den overlegne disiplinen til infanteriet for den eksponerte flanken. De Saxe hadde derimot føresett at dette kunne skje. Etter at franskmennene og sveitsarane hadde vorte pressa tilbake av dei kraftige og vedvarande geværsalvane til dei allierte, gav marskalk de Saxe ordre om fleire motåtak med både kavaleriet og infanteriet. Dette toppa seg med eit rasande åtak på den britiske høgresida frå Wild Geese frå den irske brigaden, som tente franskmennene,[14] sveitsargarden mot hannovarane til venstre, og den franske garden[15] i front av rekkja, og til slutt kavaleriet Maison du Roi. Kampen var særs jamn og dødeleg og nokre av dei britiske regimenta mista halve styrken sin, som Royal Welsh Fusiliers som tapte 322 soldatar.[16] Det franske motåtaket stansa etter kvart og dreiv så bort britane frå slagmarka.

Battle of Fontenoy plan.jpg

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Sigeren gjorde at franskmennene kunne fullføre omleiringa av Tournai og erobre mange flamske byar i 1745.[17] Desse var mellom anna Oudenarde, Brugge, Gent, Nieuport og Ostend, der ein bataljon av britiske Foot Guards og ein garnison på 4000 mann overgav seg.[18] I tillegg førte triumfen til Saxe over britane til eit nytt jacobittopprør, the Forty-Five, under the Young Pretender, Bonnie Prince Charlie. Han returnerte til Skottland med ein liten styrke og invaderte England. Han hadde grunn til å tru at det var mogeleg å klare målet, sidan alle bortsett frå 6000 britiske soldatar var på kontinentet og nettopp hadde tapt stort ved Fontenoy. Charles tilbakekomst til Skottland, kombinert med ein makelaus siger i slaget ved Prestonpans, gjorde at Cumberland måtte trekke hæren sin tilbake til England for å ta seg av den jakobittiske invasjonen. Dermed fekk Saxe høve til å ta fleire byar og festningar, som Brussel, Antwerpen, Mons og Charleroi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Fontenoy» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2008.
  • Browning, Reed.The War of the Austrian Succession. St. Martin's Press, New York, (1993): ISBN 0-312-12561-5
  • Chandler, David. The Art of Warfare in the Age of Marlborough. Spellmount Limited, (1990): ISBN 0-946771-42-1
  • Duncan, Francis. History of the Royal Regiment of Artillery, London, 1879, Vol.1.
  • Hamilton, Lieutenant-General F.W..Origin and History of the First or Grenadier Guards, London, 1874, Vol. II.
  • Mackinnon, Daniel. Origin and services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.1.
  • O'Callaghan, John Cornelius. History of the Irish Brigades in the Service of France, London, 1870.
  • Skrine, Francis Henry.Fontenoy and Great Britain's Share in the War of the Austrian Succession 1741-48. London, Edinburgh, 1906.
  • Smollett, Tobias. History of England, from The Revolution to the Death of George the Second, London, 1848, Vol.II.
  • Stanhope, Phillip Henry, Lord Mahon. History of England From the Peace of Utrecht to the Peace of Versailles., Boston, 1853, Vol.III.
  1. Chandler, David. The Art of Warfare in the Age of Marlborough. Spellmount Limited, (1990): ISBN 0-946771-42-1, s.306
  2. Duncan, Francis. History of the Royal Regiment of Artillery, London, 1879, Vol.1, s.127.
  3. Lynn, s. 112. Det finst mange forskjellige estimat på styrken til hærane ved Fontenoy. Både Chandler i The Art of War in the Age of Marlborough og Colin i Les campagnes de Maréchal de Saxe meiner det var litt fleire soldatar i den pragmatiske hæren.
  4. The Journal of the Battle of Fontenoy Published by Order of His Most Christian Majesty Translated from the French, Published LONDON MDCCXLV Published: M. Cooper: London, 1745.
  5. Estimata på tapet til dei allierte varierer. Smollett, Tobias. History of England, from The Revolution to Death of George the Second, s.472, gjev 12 000 og Voltaire gjev 21 000.
  6. Letters of Richard Davenport, 4th Troop of the Horse Guards 1745. Stanhope, Phillip Henry, Lord Mahon. History of England From the Peace of Utrecht to the Peace of Versailles., Boston, 1853, Vol.III, s. 197, Stanhope gjev stort sett det same talet.
  7. Gentlemen's Magazine, Vol. XV, 1745, s. 250.
  8. Skrine, Francis Henry. Fontenoy and Great Britain's Share in the War of the Austrian Succession 1741-48. London, Edinburgh, 1906, s.215.
  9. O'Callaghan, John Cornelius. History of the Irish Brigades in the Service of France, London, 1870, s.366.
  10. Skrine, Francis Henry. Fontenoy and Great Britain's Share in the War of the Austrian Succession 1741-48. London, Edinburgh, 1906, s.188, Skrine gjev same tal som Voltaire: Infanteri - 1734 omkomne, 3603 skadde og eit estimat på 1800 kavaleristar, medan grev Pajol gjev noko lågare tal.
  11. The Journal of the Battle of Fontenoy Published by Order of His Most Christian Majesty Translated from the French Published LONDON MDCCXLV, Published: M. Cooper: London, 1745.
  12. The Pragmatic Army
  13. O'Callaghan, John Cornelius. History of the Irish Brigades in the Service of France, London, 1870. s.351.
  14. Mackinnon, Daniel. Origin and services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.I, s. 371
  15. Hamilton, Lieutenant-General F.W..Origin and History of the First or Grenadier Guards, London, 1874, Vol. II. O'Callaghan, John Cornelius. History of the Irish Brigades in the Service of France, London, 1870, s. 361-364.
  16. Skrine, Francis Henry. Fontenoy and Great Britain's Share in the War of the Austrian Succession 1741-48. London, Edinburgh, 1906, s.190
  17. Mackinnon, Daniel. Origin and services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.1, s. 374-375.
  18. Mackinnon, Daniel. Origin and services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.1, s. 373, ; s. 376: London Gazette, 25. oktober 1745.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]