Anser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anser


GrågåsFoto: Oli Bac
Grågås
Foto: Oli Bac

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Slekt: Anser
Vitskapleg namn
Anser

Anser er ei biologisk slekt av åtte artar «grå gjæser», vassfuglar i andefamilien Anatidae. Slekta har ein holarktisk distribusjon, med minst éin art hekkar i eit ope, vått habitat i subarktiske og kjølige tempererte strøk på den nordlege halvkula om sommaren. Nokre hekkar òg vidare sørover, og inn i varme tempererte regionar. De fleste trekkjer sørover om vinteren, vanlegvis til regionane i den tempererte sona.

Artane i slekta varierer i storleik frå den største, sædgås, på opptil 88 cm, og den minste, dverggås, på 54 til 66 cm. Alle har bein og føter som er rosa eller oransje, og nebb som er rosa, oransje eller svart. Alle har kvite under og øvre haledekkfjører, og fleire har ei viss grad av kvitt på hovudet. Halsen, kroppen og vengene er grå eller brune, med svarte eller gråsvarte handsvingfjører og ofte òg armsvingfjører. Dei nært nærskylde gjæsene i slekta Branta er ulike ved å ha svarte bein, og generelt mørkare fjørdrakt.[1]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Anser i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [3]

  • Svanegås, Anser cygnoides, (Swan Goose)
  • Sædgås, Anser fabalis, (Taiga Bean-Goose)
  • Tundrasædgås, Anser serrirostris, (Tundra Bean-Goose)
  • Kortnebbgås, Anser brachyrhynchus, (Pink-footed Goose)
  • Tundragås, Anser albifrons, (Greater White-fronted Goose)
  • Dverggås, Anser erythropus, (Lesser White-fronted Goose)
  • Grågås, Anser anser, (Graylag Goose)
  • Stripegås, Anser indicus, (Bar-headed Goose)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Cramp (1977), Madge & Burn (1988), Handbook of the Birds of the World (Carboneras 1992)
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/updateindex/23aug2011overview/, henta 24. november 2011 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)