Størar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Stør


Stør
Stør

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Underklasse: Chondrostei
Orden: Acipenseriformes
Familie: Acipenseridae
Vitskapleg namn
Acipenser
Stør
Namn på andre språk
Svensk Stör
Dansk Stør
Engelsk Sturgeon
Tysk Störe
Fransk Esturgeon
Spansk Esturion, marion, sollo
Russisk Osiotr (Осётр)

Størar (Acipenser) er ei slekt primitive beinfisk som lever i kaldt eller temperert vatn på den nordlege halvkula. Dei kan bli særs store, eksemplar frå 1 til over 5 m er kjende. Artane er òg kjende for å kunne bli gamle.

Rogna til støren vert seld som kaviar og vert rekna som den beste.

I norske farvatn er ein art, europeisk stør Acipenser sturio, registrert. Etter at dei nordtyske bestandane vart utrydda har det likevel vore særs få funn.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Størar er avlange fisk med kroppar som nesten er sylindriske. Ryggen er svakt bogeforma, og undersida er relativt flat. Dei manglar skjel, men har fleire rekkjer store beinplater langsetter ryggen. Munnen sit på undersida av hovudet og kan skytast fram som eit røyr. Framfor han har dei skjeggtrådar.

Halefinnen til størane er asymmetrisk og hai-liknande, og har ryggvirvlar i den øvste halvdelen. Skjelettet er elles òg bruskaktig, men me reknar dei til beinfiskane på grunn av beinplatene dei har i ryggen.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste størane er anadrome, men det finst òg ferskvasstasjonære former. Dei veks opp langt nede i store elvar, og brukar lang tid på å bli kjønnsmogne. Ungane et insektlarvar, muslingar, små krepsdyr og vassplantar i tre-fire år, før dei vandrar ut i salt- eller brakkvatn.

Mesteparten av vektauka til støren skjer her. Det er òg her dei vert kjønnsmogne, ofte etter så mykje som 4-11 år. Hannar vert fortare kjønnsmogne enn hoene. Dei lever av små botndyr dei syg ut av slam og sand med sugemunnen sin. I den siste tida før dei gyter fastar dei likevel; gyteindivid vert som regel funne utan mageinnhald.

Gytetida er oftast om våren, på 2-10 m djup i elvar med sterk straum og grusbotn. Egga festar seg fort til substratet, og det er ofte fleire millionar av dei. Det tek om lag ei veke før dei klekkjer, og larvane veks fort.