St. Albans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

St. Albans

Domkyrkja i St. Albans
Domkyrkja i St. Albans
Plassering
St. Albans is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Hertfordshire
Distrikt St. Albans
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

85 438
Koordinatar 51°45′″N 0°20′″WKoordinatar: 51°45′″N 0°20′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer AL1, AL2, AL3, AL4
Telefon-retningsnummer 01727
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: St. Albans

St. Albans (engelsk skrivemåte St Albans) er ein by i Hertfordshire i England, omkring 35 km nord for London. Han er administrasjonssenter og største by i distriktet St. Albans. I romersk tid låg byen Verulamium på den same staden; dette var ein av dei viktigaste romerske byane på dei britiske øyane.

Namnet til byen kjem frå den første kjende kristne martyren på dei britiske øyane, St. Alban. Katedralen som er via til han er eit av dei viktigaste landemerka i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Verulamium.

Før romarane kom hadde den keltiske stammen catuvellaunarane ei busetjing på Prae Hill omkring halvannen kilometer frå sentrumet til byen. Den romerske byen Verulamium vart anlagt nær denne, ved elva Ver, og strekte seg inn mot dagens sentrum.

I mellomalderen voks byen oppover i åssida der katedralen ligg, ved staden der St. Alban vart halshogd ein gong før 324.

Fleire store kyrkjebygg og kloster har vore på staden, og byen voks sakte men sikkert på grunn av tilstrauminga av pilegrimar. Det er mange restar etter bygningar frå både romersk tid og mellomalderen, og byen er difor ein stor turistattraksjon. Det er dyrt og bu der, og det er ein populær stad blant engelskmenn og britar.

Under den engelske borgarkrigen vart det utkjempa to slag i St. Albans.

I mellomkrigstida vart han eit viktig senter for elektronikkindustrien. Etter andre verdskrigen har han vakse mykje på grunn av folkeflyttinga som skjedde. Med moderne kommunikasjonsmiddel ligg han godt innanfor området som er attraktivt for pendlarar til London.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]