Stein Gullikstad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stein Erik Gullikstad (fødd 6. februar 1952) frå Røros er ein tidlegare kombinertrennar. Han representerte Røros Idrettslag.
Gullikstad vann to NM-medaljar i kombinert, ein bronse i 1973 og ein sølvmedalje i 1976. Han deltok for Noreg i kombinertøvinga i to internasjonale meisterskap. Under VM i Falun i 1974 vart han nummer 10, medan han under vinter-OL 1976 i Innsbruck kom på 22. plass.
Hans fremste prestasjon var andreplassen i Holmenkollen i 1973. Gullikstad vart då nummer to. Endå om han var langt bak den suvere vinnaren, Rauno Mietttien frå Finland, viste han den tidlegare olympiameisteren Franz Keller frå Vest-Tyskland til tredjeplassen.
Besteplasseringar i internasjonale renn [endre]
- 1973: Nr 2 i Holmenkollen
- 1974: Nr 5 i Holmenkollen
- 1975: Nr 8 i Holmenkollen
- 1976: Nr 7 i Falun
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap [endre]
- 1972: Nr 4 i Trondheim
- 1973: Bronsemedalje på Lillehammer
- 1974: Nr 4 i Selbu
- 1975: Nr 4 i Rælingen
- 1976: Sølvmedalje på Fåvang
Kjelder og bakgrunnsstoff [endre]
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- (en) Stein Gullikstad – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.