Stephen Appiah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stephen Appiah
Personleg informasjon
Namn Stephen Appiah
Fødselsdato 24. desember 1980
Fødestad Accra i Ghana
Høgd 178 cm
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Bologna
Draktnummer 4
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1995-97

1997-2000
2000-03
2002-03
2003-05
2005-08
2009-
Ghana Accra Hearts of Oak
Italia Udinese
Italia Parma
Italia Brescia
Italia Juventus
Tyrkia Fenerbahçe
Italia Bologna

21 (19)
36 (0)
29 (0)
31 (7)
48 (3)
64 (11)
0 (0)
Landslag
1996- Ghana Ghana 56 (14)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Stephen Appiah, (fødd 24. desember 1980 i Accra) er ein ghanesisk fotballspelar som spelar på midtbanen for Bologna i italiensk Serie A, og for det ghanesiske landslaget.

Appiah har spelt for fleire klubbar i Italia sidan han drog til Udinese i 1997. I 2005 var han med på å vinna italiensk Serie A med Juventus. Frå 2005 til 2008 spelte han for Fenerbahçe i Tyrkia, der han var med på å vinna den tyrkiske ligaen i 2007.

I 2007 og 2008 var Appiah plaga av ein langvarig kneskade. Han drog frå Fenerbahçe i juni 2008, og var utan klubb fram til november 2009, då han skreiv under for Bologna. Sjølv om han var utan klubb var han også i denne perioden fast på det ghanesiske landslaget, og spelte i kvalifiseringskampane då Ghana kvalifiserte seg til fotball-VM i 2010.