Richard Kingson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richard Kingson
Richard Kingston.jpg
Personleg informasjon
Namn Richard Paul Franck Kingson
Fødselsdato 13. juni 1978
Fødestad Accra i Ghana
Høgd 183 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Wigan Athletic
Draktnummer 22
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1996-98
1998-99
1999-01
2001-02
2002-03
2003-04
2004-05
2005-07
2007
2007-08
2008-10
2010-
Ghana Great Olympics
Tyrkia Sakaryaspor
Tyrkia Göztepe
Tyrkia Antalyaspor
Tyrkia Elazığspor
Tyrkia Ankaraspor
Tyrkia Galatasaray
Tyrkia Ankaraspor
Sverige Hammarby (lån)
Flag of England.svg Birmingham
Flag of England.svg Wigan Athletic
Flag of England.svg Blackpool
 ? (?)
30 (0)
29 (0)
25 (0)
20 (0)
20 (0)
1 (0)
24 (0)
11 (0)
1 (0)
4 (0)
20 (0)
Landslag**
1996- Ghana Ghana 58 (1)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 10. april 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 22. februar 2010.

Richard Kingson, (fødd 13. juni 1978 i Accra) er ein ghanesisk fotballspelar som spelar som keeper for Wigan Athletic i engelsk Premier League, og for det ghanesiske landslaget.

Kingson forlet heimbyen i 1996 for å spela fotball i Tyrkia. I løpet av ni år der spelte han for seks forskjellige klubbar. Den mest profilerte klubben han var innom, var Galatasaray frå Istanbul, men der fekk han berre éin ligakamp.

I 2007 var han på lån i tre månader hjå Hammarby i Sverige. Etter dette fekk han kontrakt hjå Birmingham City i England, og forlet Tyrkia. I løpet av éin sesong, 2007/08-sesongen, hjå Birmingham fekk han berre éin Premier League-kamp, i eit 2-0-tap mot Portsmouth.[1] Birmingham rykte ned den sesongen, og medeigaren av klubben, David Sullivan skulda mellom anna på at den førre manageren, Steve Bruce, hadde kjøpt inn for dårlege spelarar. Sullivan framheva særleg Kingson, som eitt av dei to dårlegaste kjøpa Bruce hadde gjort.[2] Kingson slo tilbake mot denne kommentaren og kravde ei unnskyldning frå Bruce, mens han framheva at han hadde vore stolt over å vera den første svarte afrikanske keeperen i Premier League.[3] Kontrakten til Kingson vart oppheva då sesongen var slutt.

12. september 2008 vart Kingson henta inn av Steve Bruce igjen, denne gongen til den nye klubben hans, Wigan. Han debuterte for førstelaget i ein FA-cup-kamp mot Tottenham Hotspur, der Wigan tapte 3-1. Den første seriekampen fekk han som innbytar for den skadde Chris Kirkland 9. mai 2009, borte mot West Bromwich Albion, i eit 3-1-tap.[4]

Kingson er førstekeeperen til Ghana sitt landslag, og var med i troppen til fotball-VM i 2006 og Afrikameisterskapen i 2008 og 2010.

Broren hans, Laryea Kingston, er også ein fotballspelar med landskampar for Ghana.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Birmingham 0-2 Portsmouth, BBC Sport, 24. november 2007, http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/football/eng_prem/7099688.stm, henta 13. mai 2008 
  2. Sullivan slams fans and Bruce buys, ESPNsoccernet, 12. mai 2008, http://soccernet.espn.go.com/news/story?id=534348, henta 13. mai 2008 
  3. Tattum, Colin (19. mai 2008). «Richard Kingson in a rage over Blues 'slur'». Birmingham Mail. Trinity Mirror. http://www.birminghammail.net/birmingham-sport/birmingham-city-fc/birmingham-city-fc-news/2008/05/19/richard-kingson-in-a-rage-over-blues-slur-97319-20931217/. Henta 22. mai 2008. 
  4. Chowdhury, Saj (9. mai 2009), West Brom 3–1 Wigan, BBC Sport, http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/football/eng_prem/8023055.stm, henta 10. mai 2009 


Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 14. mars 2010.