Stephen Bishop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stephen Bishop

Bishop i 1977
Fødd14. november 1951 (72 år)
FødestadSan Diego
FødenamnEarl Stephen Bishop
OpphavSan Diego i California i USA
Aktiv1975 til i dag
SjangerRock, bluesrock, poprock, softrock
InstrumentGitar, vokal
PlateselskapABC, Warner Bros.
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, skodespelar

Stephen Bishop (fødd 14. november 1951) er ein amerikansk songar-låtskrivar, skodespelar og gitarist.

Han hadde ein stor hit i 1977 med songen «On and On», som nådde 11. plass i USA. Andre hittar han hadde var «Save It for a Rainy Day» «Everybody Needs Love», «Something New in My Life» og «It Might Be You», kjenningsmelodien for filmen Tootsie. Han har òg skrive mange andre filmtema, som National Lampoon's Animal House der han song i falsett, og julefilmen All I Want for Christmas.

Songen hans «Separate Lives», sungen av Phil Collins og Marilyn Martin frå filmen White Nights, vart nominert for ein Oscar i 1985, men tapte for «Say You, Say Me» frå same film. Bishop skreiv songen om brotet hans med skodespelarinna Karen Allen, som òg deltok i Animal House.

Bishop skreiv òg temaet for filmen Unfaithfully Yours i 1984. Songen vart mykje spelt på radio på den tida, men songen vart aldri gjeve ut på plate på den tida. I 1989 gav han ut det femte albumet sitt, Bowling In Paris med Phil Collins (medprodusent og musikar på somme songar), Eric Clapton, Sting, Steve Lukather, Ronnie Caryl, Michael Omartian (produsent og musikar på fleire spor), Mo Foster, Adrian Lee og fleire. I 1987 spelte norske Bobbysocks! inn «Walking on Air» (som «Walkin' on Air») for albumet deira Walkin' on Air.

Bishop'-songar som har gått inn på Billboard Hot 100 er «It Might Be You», som nådde 25. plass i 1983, «Save It For a Rainy Day» (22. plass i 1977); «On and On» (11. plass i 1977); og «Everybody Needs Love» (32. plass i 1978).

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Samleplater[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]