Sterke verb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sterke verb er eit særmerke for germanske språk. Dei er kjenneteikna ved at dei markerer skifte i tid (og i somme språk tal) ved at rotvokalen vekslar etter eit avlydsmønster når dei vert bøygde, som t.d. bryte–braut–brote (nn), bryta–bröt–brutit (sv), break–broke–broken (en) eller brechen–brach–gebrochen (ty). Til gjengjeld kan dei mangle tradisjonell bøygningsending, slik vi finn i dei fleste svake verb.

Sterke verb i norsk språk[endre | endre wikiteksten]

I nynorsk språk vert dei sterke verba bøygde i sju klassar. Her er berre ei infinitivsform og ei preteritumform medteken; merk at infinitiv valfritt kan ha a-ending (evt. kløyvd infinitiv) og at perfektum partisipp kan ende på -i. Som sideform kunne sterke verb ha endinga -er i presens før rettskrivingsreforma i 2012, da uttalt med tonelag 1.

kl. infinitiv presens (notid) preteritum (fortid) perfektum partisipp
1. bite bit beit bite
2. bryte bryt braut brote
3a. breste brest brast broste
3b. finne finn fann funne
3c. søkke søkk sokk sokke
4. bere ber bar bore
5a. lese les las lese
5b. ete et åt ete
6. fare fer for fare
7a. blåse blæs bles blåse
7b. får fekk fått

I den fyrste landsmålsnormalen Ivar Aasen utarbeidde, kunne rotvokalen òg skifte i preteritum fleirtal. Restar av slik fleirtalsbøyging finst enno i Hallingmål.

Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]