Stjernemaurvarslar
| Stjernemaurvarslar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Thamnophilidae | |
| Slekt: | Pygiptila | |
| Art: | P. stellaris | |
| Vitskapleg namn | ||
| Pygiptila stellaris
Spix, 1825
|
||
Stjernemaurvarslar, Pygiptila stellaris, er ein liten maurvarslar i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Pygiptila.
Stjernemaurvarslar er 14 centimeter i lengd og veg 23 gram. Dette er ein kort og tjukkfallen fugl med kort hale. Hannen har gråleg fjørdrakt med mørk hette, nakke, venger og hale. Han har fleire vengeband av små kvite flekker. Han har ein skult kvit flekk på ryggen. Hofuglen har eit gulbrunt preg, hovud i brunt til olivengrønt, raudbrune vengefjør og oversida er blågrå.
Dei lever i par, i familiegrupper eller i fleirartsflokkar i trekroner i høgvaksen skog.
Arten har habitat i subtropiske eller tropiske våte låglandsskogar med utbreiingsområdet innanfor landa Bolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, Fransk Guyana, Peru, Surinam og Venezuela.
Kjelder [endre]
- Hilty, Steven L. (2002-11-29). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185.
- « Pygiptila stellaris . In: IUCN 2010. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2010.4». BirdLife International tilgjengeleg frå <www.iucnredlist.org>. http://www.iucnredlist.org/apps/redlist/details/145550/0. Henta 10. juli 2011.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar, bilete og lydopptak av stjernemaurvarslar hos Internet Bird Collection