Stor havnål
| Stor havnål | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Actinopterygii | |
| Infraklasse: | Teleostei | |
| Orden: | Syngnathiformes | |
| Familie: | Syngnathidae | |
| Slekt: | Entelurus | |
| Art: | E. aequoreus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Entelurus aequoreus | ||
| Stor havnål | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Svensk | Större havsnål |
| Engelsk | Snake Pipefish |
| Tysk | Große Schlangennadel |
| Fransk | Entélure |
Stor havnål er ein beinfisk i nålefiskfamilien. Arten lever på grunt vatn frå Nord-Noreg til Asorane og er den største nålefisken i våre farvatn.
Kjenneteikn [endre]
Den store havnåla er lang og tynn med glatt overflate. Beinringane rundt han er delvis dekt med tjukk hud, noko som gjer at kroppen får eit ovalt snitt. Som andre havnåler har ho ikkje andre finnar i vaksen tilstand enn ryggfinnen; larvar har i tillegg nokre tynne og membranaktige brystfinnar. Dei sym dårleg, men kan symja både fram- og bakover.
Kroppen er gulaktig til brun med lyse tverrstriper på sida. Eksemplar med grå flekkar finst òg. Arten er den største nålefisken i norske farvatn; hoa kan bli over 60 cm. Hannane er litt mindre, dei når ei maksimallengd på 40 cm.
Levesett [endre]
Den store havnåla finst mellom tang og tare nært kysten på grunt vatn. Ho er mest vanleg i strandsona frå 10 m djupn og oppover, men har vorte observert ned til 100 m. Om vinteren går ho djupare enn om sommaren.
Paringstida skjer i juni-juli, og havnåla er monogam. Hannen og hoa formeirer seg vertikalt i vatnet medan dei klamrar seg til kvarandre i S-form. Hoa festar 200-1000 egg til buken til hannen, som så befruktar dei og ber på dei til dei klekker.
Stor havnål et hovudsakleg små krepsdyr og fiskeyngel.
Kjelder [endre]
- Jonsson, Bror: «Nålefisker» i Norges dyr - Fiskene 2, Cappelen 1992
- FishBase