Stout
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Britisk stout ved frukostbordet
Stout er eit nesten svart, overgjæra øl med opphav i dei britiske øyane. Det blir laga av brunne malt eller bygg og var opphavleg ein type porter.
Namnet stout tyder 'sterk'. Første gongen ein brukte ordet om øl var i 1820, då Guinness laga ein Stout-Porter. På denne tida kunne stout ganske enkelt visa til styrken på ølet, og også andre øltypar med mykje alkohol kunne bli kalla stout. Seinare blei ordet berre brukt om den mørke portertypen.
Ved slutten av 1800-talet blei stout tillagt eigenskapen som ein helse- og styrkebringande drikk som blei drukken av idrettsutøvarar, ammande kvinner og tidlegare sjuke.
Nokre stouttypar [endre]
- Guinness frå Irland
- Murphy's frå Irland
- Mackeson's XXX frå England
- Cornish Cream frå Cornwall i England
- Coopers Best Extra Stout frå Australia
Kjelder [endre]
|
|
|
|---|---|
| Ale • Lager • Lambic | |
| Engelsk øl | Mild • Bitter • Brown Ale • Porter • Stout • India Pale Ale • Old ale • Barleywine • Imperial stout |
| Belgisk øl | Witbier • Saison • Flanders red ale • Oud bruin • Lambic • Dubbel • Tripel |
| Tysk øl | Kveiteøl • Kölsch • Altbier • Dortmunder Export • Helles • Dunkel • Wienerlagret • Märzen • Bokkøl • Rauchbier • Kellerbier • Roggenbier • Pilsner • Gose |
| Amerikansk øl | American pale ale • Cream ale • Steam beer • Amber ale • American-style lager • Quadrupel • Black IPA |
| Anna | Pale Ale • Irish red ale • Scotch ale • Baltic porter • Bière de Garde |
| Sjå òg: Ølet si historie | |