Strandbete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strandbete

Beta maritima — Flora Batava — Volume v3.jpg

Vitskapleg namn
Beta vulgaris ssp. maritima
Utbreiing

Status i Noreg: VU Sårbar
Område: Opphavleg Middelhavsområdet, spreidd til vestkysten av Europa
Habitat: terrestrisk
Systematikk
Rike: Plantar
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Caryophyllales
Familie: Amaranthaceae
Slekt: Beta
B. vulgaris

Strandbete er ein plante i beteslekta i amarantfamilien. Han er stamforma til dyrka bete som mellom anna omfattar fôrbete, raudbete, sukkerbete og mangold. Blad av strandbete kan etast.

Strandbete i Bretagne.

Strandbeten er ei eitt- eller toårig urt som kan bli rundt ein meter høg. Han har tynn pelerot og store, glinsande blad som er hjarteforma. Blomane er små, grøne og lite prangande, og sit i store blomsterstandar.

Planten er ein halofytt, det vil seia at han trivst i salthaldige vekstområde. Han veks vilt i middelhavsområda og på vestkysten av Europa nord til Bohuslän. I Noreg finst han innvndra og forvilla på Sørlandet og elles tilfeldig ved møller og liknande. Arten var rekna som nær truga i Noreg på raudlista frå 2006, etter å ha døydd fleire stader etter kalde vintrar, men berre som sårbar i 2010, truleg på grunn av varmare klima.

Strandbeteblad kan brukast som spinatvekstar, og kan etast rå, steikte eller kokte. Dei kan minna om bladbete (mangold).

Carl von Linné gav planten det vitskaplege namnet Beta maritima og spekulerte i om dette var opphavsplanten til dei foredla betetypane som blei dyrka som grønsaker. Moderne genforsking har vist at dette er tilfellet. Strandbete kryssar seg lett med andre varietetar av Beta vulgaris, og er blitt brukt til å dyrka fram nye trekk i dei dyrka typane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Strandbete

Kjelder[endre | endre wikiteksten]