Svarthettesmett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svarthettesmett

Status i verda: LC Livskraftig

Foto: Dario Sanches

Foto: Dario Sanches

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Donacobiidae
Slekt: Donacobius
Art: D. atricapilla
Vitskapleg namn
Donacobius atricapilla

Svarthettesmett (Donacobius atricapilla) er ein iaugefallande, vokal, søramerikansk fugleart utan nære slektningar på kontinentet. Han er monotypisk i slekta Donacobius og somme reknar han som ein eigen familie Donacobiidae,[1][2] men plasseringa er kontroversiell. Svarthettesmett finst i tropiske sumpar og våtmarker i og rundt Amazonas og Orinoco-området, og nordover inn i Panama.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Svarthettesmett er ein trastliknande fugl med lange grå bein, og han sit ofte i ei oppreist stilling. Oversida av vengene er mørkebrune, overgumpen lysare raudbrun og dei lange halefjørene er svarte med store kvite flekker som er synlege på undersida når stjertfjørene er samla. Strupen, brystet og undersida er har bleik, gulkvit farge. Hovudet og halsen er svart, og svarthettesmetten har eit ganske langt, litt nedbøygd svart nebb og karakteristiske gule auge med svart pupill. Kjønna er like.

Svarthettesmett er vanleg i eit breitt spekter av Amazonas våtmarker, inkludert kroksjøar, flaummarksskogsoner og andre område med høg og tett akvatisk eller semi-akvatisk vegetasjon. Ein tredel av utbreiingsområdet ligg utanfor Amazonas-bassenget, frå Panama, Nord-Colombia, og vestlege Venezuela, Orinoco-systemet i Venezuela, til søraustkysten og innlandet av Brasil, og nabolanda sørover til Paraguay og til lengst nord i Argentina. Andre land der arten er registrert er Bolivia, Ecuador, Fransk Guiana, Guyana, Peru og Surinam.[3]

Svarthettesmett dannar par for livet, par av svarthettesmett kan ofte sjåast heile dagen på toppen tett vegetasjon ved innsjøar eller i elvebreiddvegetasjon. Dei er mykje støyande og ofte engasjerer paret seg i ein såkalla vekselsong, slik at dei syng vekselvis, medan dei set inn tilbakevendande songstrofer. Vaksne avkom vil hjelpe foreldra sine og bidra til å få fram fleire ungar frå påfølgjande hekkeperiodar i eit system av samarbeidande hekking.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]