Sweet Little Sixteen
| Sweet Little Sixteen Singel av Chuck Berry |
||
| B-side | «Reelin' and Rockin'» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | Januar 1958 | |
| Sjanger | Rock and roll | |
| Selskap | Chess 1683 | |
| Låtskrivar(ar) | Chuck Berry | |
| Produsent | Leonard og Phil Chess | |
| Chuck Berry-kronologi | ||
| «Rock and Roll Music» (1957) |
Sweet Little Sixteen | «Johnny B. Goode» (1958) |
«Sweet Little Sixteen» er ein rock and roll-song skriven og gjeve ut av Chuck Berry, som gav han ut på singel i januar 1958. Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 272. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene. Han nådde 2. plass på den amerikanske Billboardlista, den høgaste plasseringa Berry nådde bortsett frå «My Ding-A-Ling» som gjekk heilt til topps i 1972.
Teamet i songen er rock and roll og ei særskild jente, som akkurat har fylt seksten år og er opphengt av rock and roll-artistar. Songen omtalar bursdagen hennar og korleis ho ber foreldra sine om å late ho få gå på ein konsert. Teksten skildrar at ho går med «tight dresses and lipstick; she's sporting high heel shoes», og vidare «tomorrow morning she'll be sweet sixteen og back in class again».
Coverversjonar [endre]
Fleire kjende artistar har spelt songen, som Jerry Lee Lewis i duett med Ringo Starr, The Animals og Ten Years After. The Beatles spelte songen på BBC radio og John Lennon spelte seinare songen på albumet sitt Rock 'n' Roll.
Surfin' USA [endre]
The Beach Boys sin song «Surfin' USA» har praktisk talt same melodi med ny tekst som omhandlar Surfing. Denne songen har i seinare tid vorte kreditert til Berry/Wilson.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Sweet Little Sixteen» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2008.