Sloop John B

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Sloop John B»
Singel av The Beach Boys
frå albumet Pet Sounds
B-side «You're So Good to Me»
Utgjeve 21. mars 1966
Innspelt Western Studios
12. juli 1965
22. desember 1965
29. september 1965
Sjanger Barokk pop
Lengd 3:01
Selskap Capitol 5602
Låtskrivar(ar) Tradisjonell
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi
«Barbara Ann»
(1965)
«Sloop John B» «Wouldn't It Be Nice»
(1966)

«Sloop John B» er den sjuande songen på Pet Sounds av The Beach Boys frå 1966. Songen vart òg gjeven ut som singel same året på Capitol Records. Songen er ein tradisjonell vestindisk folkesong, kanskje først spelt inn av The Weavers som «Wreck of the John B» teken frå ei samling av Carl Sandburg (1927). Alan Lomax spelte inn songen i Nassau i 1935, som «Histe Up the John B. Sail». Denne innspelinga vinst på albumet Bahamas 1935: Chanteys and Anthems From Andros and Cat Island.[1] Songen vart omarbeida av Weavers-medlem Lee Hays. Innspelinga av songen som direkte påverka The Beach Boys var The Kingston Trio.

Beach Boys-utgåva av songen er rangert på 271. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.[2]

Beach Boys-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Al Jardine i The Beach Boyswho var tilhengjar av folkemusikk og foreslo for Brian Wilson at the Beach Boys skulle spele ei utgåve av «Sloop John B». Jardine har forklart at han spelte songen på piano for Brian Wilson ein gong, men fekk til svar av Wilson at han ikkje likte The Kingston Trio. Han gjorde så små endringar på songen slik at han vart meir lik ein Beach Boys-song og spelte songen på ny på piano for Brian Wilson. Dagen etter fekk han beskjed om å kome i studio og Wilson hadde heile songen meir eller mindre ferdig.[3]

Al Jardine trudde at han skulle få synge solovokalen på songen, sidan det var han som kom med songen. Brian Wilson let alle i bandet få prøve seg på vokalen, ein etter ein, men Jardine song songen for roleg, som ein gjorde det på folkemusikk-utgåva av songen. Dei trengde ein meir rockeaktig vokal og Wilson og Mike Love enda opp med å dele vokalen.[4]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Akkompagnementet til songen vart spelt inn 22. juli 1965 i Western Recorders i Hollywood i California, med Chuck Britz som lydteknikar og Brian Wilson som produsent. Opptak frå innspelinga er å høyre på boksen The Pet Sounds Sessions frå 1997. Det tok 14 forsøk på å få til akkompagnementet. Med på innspelinga var Hal Blaine på trommer, Ron Swallow på tamburin, Lyle Ritz på kontrabass, Carol Kaye på elektrisk bass, Al Casey, Jerry Cole og Billy Strange på gitar, Al De Lory på orgel, Frank Cappklokkespel, Jay Migliori på klarinett, Steve Douglas og Jim Hornfløyte og Jack Nimitzbarytonsaksofon.

Vokalen vart spelt inn over tre innspelingsdagar. Den første var 22. desember 1965 i Western Recorders, den andre 29. desember og den tredje i januar 1966. Brian Wilson og Mike Love song solovokal, medan Al Jardine, Carl Wilson og Dennis Wilson medverka på harmonivokal.

Suksess[endre | endre wikiteksten]

Singelen med B-sida «You're So Good to Me» vart gjeven ut 21. mars 1966. Han nådde Billboard Hot 100 i april og gjekk heilt til tredjeplassen den 7. mai. Han låg 11 veker på lista. Songen nådde òg listene verda over og gjekk mellom anna heilt til topps på singellista i Noreg, som ein av tre songar av The Beach Boys.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen har òg vorte spelt inn av mange andre artistar, mellom andre The Calypso Bandits, J-Rock Ulfuls, Joseph Spence, Tom Fogerty, Roger Whittaker, Jerry Jeff Walker, Dick Dale, Catch 22, The Ventures, Me First and the Gimme Gimmes, Relient K, Dan Zanes Okkervil River og Phil Brown.

Cornelis Vreeswijk og Ann-Louise Hansson spelte inn ei svenskspråkleg utgåve av songen med eit antikrigstema kalla «Jag hade en gång en båt». Herbjørn Sørebø omsette denne teksta til nynorsk under tittelen «Eg hadde ein gong ein båt». Denne vart utgjeven av Vestlandsduoen (Kari & Ivar Medaas).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. amazon.com Alan Lomax-innspelingar
  2. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. http://www.rollingstone.com/news/story/6596116/sloop_john_b/1. Henta 31. august 2009. 
  3. The Pet Sounds Sessions: "The Making Of Pet Sounds" booklet, pg. 25�26
  4. The Pet Sounds Sessions: "The Making Of Pet Sounds"-hefte, s. 26