Trachytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trachytt

Trachytt er ein lys, finkorna lavabergart som i samansetnad svarar til djupbergarta syenitt. Han består vesentleg av alkalifeltspat med noko plagioklas og mørke mineral, som biotitt, hornblende eller pyroksen, eventuelt med glas. Det er atskillig variasjon i mineralinnhaldet frå kvartsførande til nefelinførande typar. Dei første går over i rhyolittar, dei siste i fonolittar.

Trachyttar er ofte porfyriske, med plater av feltspat som ligg parallelt (trachytt-tekstur). Nokre av rombeporfyra i Oslofeltet er trachytter. Trachyandesitt og trachybasalt inntar ein mellomstilling mellom høvesvis trachytt/andesitt og trachytt/basalt, og svarar såleis til latitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]