Tasjkent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 41°18′54.749″N 69°14′59.698″E

Tasjkent
Det historiske museet i Tasjkent

Tasjkent (usbekisk: Toshkent og Тошкент) er hovudstaden i Usbekistan. Byen hadde i 1996 over 2,3 millionar innbyggjarar. Namnet kjem frå russisk og betyr steinbyen. Før var det eit svært viktig stopp på Silkevegen frå Asia til Europa.

Frå 1966 til 1968 var det ei lang rekke jordskjelv som gjorde stor skade, og mykje av byen blei heilt eller nesten jamna med jorda Mange av bygningane som blei skadd under jordskjelva blei seinare bygd opp igjen.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange av dei historiske bygningane blei øydelagde etter den russiske revolusjonen og seinare av det kraftige jordskjelvet som ramma byen i 1966. Mykje av den gamle arkitekturen i Tasjkent har såleis gått tapt. Framleis eksisterande bygningar er mellom anna Kukeldash Madrassa frå det 16. hundreåret. Bygningen skriv seg frå Abdullah Khan (1557-1598) si regjeringstid.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Tasjkent metro er eit moderne t-banesystem og det er det einaste av sitt slag i Sentral-Asia. Tasjkent internasjonale lufthamn ligg 12 km utanfor sentrum, og har over 2 millionar passasjerar i året.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]