Usbekisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Usbekisk
(O‘zbek, Ўзбек, أۇزبېك)
Klassifisering: Altaisk
 Tyrkisk
  Austtyrkisk
   Usbekisk
Bruk
Tala i: Flag of Uzbekistan.svg Usbekistan
Flag of the People's Republic of China.svg Folkerepublikken Kina
Flag of Afghanistan.svg Afghanistan
Flag of Turkey.svg Tyrkia
Flag of Turkmenistan.svg Turkmenistan
Usbekisktalande i alt: 20 250 000[1][2]
Skriftsystem: Det latinske alfabetet, det kyrilliske alfabetet og tidlegare det arabiske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1: uz
ISO 639-2: uzb
ISO 639-3: uzb – Usbekisk (generisk)
uznNordusbekisk
uzsSørusbekisk
Wikipedia på usbekisk

Usbekisk er eit austtyrkisk språk som blir tala i Usbekistan og omland. Usbekisk høyrer til qarluq-språka, og er dermed nært i slekt med uigurisk. Gjennom tidene har språket vore påverka av persisk, arabisk og russisk.

Usbekisk er tala av rundt 20 millionar, hovudsakleg i Usbekistan, nordlege og vestlege Tadsjikistan og nordlege Afghanistan. Det blir også tala i Aust-Turkmenistan, Sør-Kasakhstan og nordvestre Kina.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Usbekisk har to hovudgrupper av dialektar, nordleg og sørleg. Den sørlege har hatt mykje påverknad frå Iran. Den mest iraniserte dialektgruppa omfattar Tasjkent-, Bukhara- og Samarkand-dialektane. Den mindre iraniserte dialektgruppa har også hatt tadsjikisk påverknad, noko som har omforma den typiske tyrkiske vokalharmonien. Denne gruppa omfattar mellom anna Fergana- og Kokand-dialektane. Den nordlege gruppa blir tala i Sør-Kasakhstan og rundt Khiva i Usbekistan, og har mykje mindre persisk påverknad.

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Det usbekiske skriftspråket byggjer i dag på dei sørlege dialektane. Fram til 1928 blei usbekisk, som dei fleste andre sentralasiatisk språk, skrive av skrivekunnige med ei form av arabiske bokstavar kalla jana imla. Frå 1928 til 1940 tok dei i bruk det latinske alfabetet (janalif), som ein del av eit sovjetiske prosjektet om å utdanna usbekarane. Dette skjedde samstundes som ei rekkje andre tyrkiske skriftspråk blei latiniserte.[3]

I 1940 innførte Stalin kyrillisk skrift for usbekisk, ei stode som varte fram til Sovjetunionen braut saman i 1991. Den sovjetiske rettskrivinga tok først dei nordlege dialektane som utgangspunkt og deretter dei sørlege.

Etter at Usbekistan fekk sjølvstende byrja ein gradvis å innføra latinske bokstavar, med eit offisielt vedtak i 1993. Medan kyrillisk framleis er i bruk, føregår mykje utdanning med latinske bokstavar.[4] I 2001 byrja ein skriva med latinske bokstavar på usbekiske myntar, og sidan 2004 har fleire offisielle nettsider gått over til latinske bokstavar.[5]

Under er ein tabell som viser usbekisk kyrillisk og latinske bokstavar, og kva lydar dei står for.[6]

Latinsk Kyrillisk IPA (lydskrift)
A a А а /a, æ/
B b Б б /b/
D d Д д /d̪/
E e Е е / Э э /e/ Kyrillisk «Е е» i byrjinga av ordet og etter ein vokal er "je" med latinske bokstavar.
F f Ф ф /ɸ/
G g Г г /ɡ/
H h Ҳ ҳ /h/
I i И и /i, ɨ/
J j Ж ж /dʒ/
K k К к /k/
L l Л л /l/
M m М м /m/
N n Н н /n/
O o О о /ɒ, o/ Uttalt /o/ berre i russiske lånord.
P p П п /p/
Q q Қ қ /q/
R r Р р /r/
S s С с /s/
T t Т т /t̪/
U u У у /u, y/
V v В в /w/
X x Х х
Y y Й й /j/
Z z З з /z/
Oʻ oʻ Ў ў
Gʻ gʻ Ғ ғ /ʁ/
Sh sh Ш ш /ʃ/
Ch ch Ч ч /tʃ/
ʼ ъ /ʔ/
Yo yo Ё ё /jo/
Yu yu Ю ю /ju/
Ya ya Я я /ja/
S s / Ts ts Ц ц /ts/


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]


Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.