Taslima Nasrin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Taslima Nasrin

Taslima Nasrin (fødd 25. august 1962) er ein bangladeshisk forfattar som har levd i eksil sidan 1994.

Taslima Nasrin blei født i Mymensingh nord i Bangladesh og er utdanna lege. Bøkene hennar tek særleg opp vanskane til kvinner i Bangladesh, men også dei vanskeleg tilhøva til hinduminoriteten i landet, og ho har vore kritisk til islam og særleg muslimsk fundamentalisme.

Strid og eksil[endre | endre wikiteksten]

Sidan ho debuterte med romanen Lajja i 1994 har Nasrin vore forfølgd for det ho skriv. I Bangladesh blei ho drapstruga og flykta frå landet. Ho fekk opphald og heldt fleire år til i Sverige, men drog sidan til Kolkata i den indiske delstaten Vest-Bengal, der ein snakkar morsmålet hennar, bengali.

Utgjevinga av sjølvbiografiske Dwikhondito skapte oppstyr på grunn av utsegner om profeten Muhammed og konene hans, og boka blei forboden i Vest-Bengal. Ved lanseringa av romanen Shodh i Hyderabad i 2007 blei ho fysisk angripen av folk som truga med å drepa henne, og store demonstrasjonar i Kolkata førte seinare til at dei indiske styresmaktene flytta henne til andre delstatar, før ho til slutt i praksis blei sett i husarrest i Delhi. Ho kunngjorde i mars 2008 at ho ville forlata India på grunn av dei vanskelege tilhøva ho levde under der.[1]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]