Taylor Swift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Taylor Swift
Swift, Taylor (2007) cropped.jpg
Taylor Swift på liveopptreden i 2007
Fødd 13. desember 1989 (25 år)
Instrument Vokalist, gitar, piano, ukulele
Sjanger Country, pop

Taylor Alison Swift (fødd 13. desember 1989) er ein prisvinnande, bestseljande countrymusikar frå Pennsylvania i USA. Ho syng, speler gitar og skriv eigne låtar. Swift har også spelt i filmar og fjernsynsseriar. Swift debuterte i 2006, då ho var 16. Frå byrjinga gjorde singlane og albuma hennar det godt på salslistene, og Swift har sett fleire rekordar. Ho har også vunne ei rekkje prisar.

Taylor Swift har spelt i filmen Valentine's Day mot Taylor Lautner og hadde ei rolle i Hannah Montana: The Movie. På fjernsyn har ho spelt i seriane CSI, Grey's Anatomy og Law & Order.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Taylor Swift var fødd og voks opp i Wyomissing i Pennsylvania. Faren var aksjemeglar og mora var heimeverande, og ho har ein yngre bror, Austin. Som tiåring byrja ho læra å spela gitar, og skreiv dikt og anna frå ein tidleg alder. Som tidleg musikkinspirasjon hadde ho bestemora Marjorie Finlay, som song opera, lærarar frå skulen, countrymusikar som Patsy Cline, LeAnn Rimes, Shania Twain, Dolly Parton og Dixie Chicks, og Tina Turner. Ho har skrive fleire av songane sine saman med Liz Rose.

Taylor Swift opptrer i 2006.
Foto: Dwight McCann

Swift og familien vitja countryhovudstaden Nashville for første gong då ho var elleve, men ingen av dei store plateselskapa som fekk demoar var interesserte. Då ho var 14, flytta familien til ein forstad til Nashville. Etter lengre kontakt med Scott Borchetta fekk ho tilbod om kontrakt med det nye selskapet han hadde starta Big Machine Records, og blei dermed den yngste artisten eigaren Sony/ATV Music Publishing hadde signert.

Taylor Swift ved MTV Video Music Awards i 2009.
Foto: Philip Nelson

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Første singelen til Swift, «Tim McGraw», nådde sjetteplassen på Billboard si singelliste. Andre singelen, «Teardrops on My Guitar», gjorde det godt på countrylistene og på dei generelle liste, også som ein pop-remiks. «Our Song» nådde førsteplassen og «Picture to Burn» nådde tredjeplassen på countrylistene, medan siste singelen «Should've Said No» igjen nådde førsteplass.

«Love Story», første singelen frå neste albumet, blei ein stor hit verda over. Frå han blei sluppen 12. september til 8. februar 2009 blei han den mest nedlasta songen for betaling nokonsinne.

Singelen « Mine» frå tredje albumet hennar blei tjuvsluppen på Internett og deretter tidleg sluppe av plateselskapet den 4. august 2010. Det er selt over ein million eksemplar av han.

Taylor Swift ved Time 100 Gala i mai 2010.
Foto: David Shankbone

Album[endre | endre wikiteksten]

Debutalbumet Taylor Swift kom ut 24. oktober 2006 og selde 39 000 kopiar i USA den første veka det var i sal.

I 2007 gav Swift ut julealbumet Sounds of the Season: The Taylor Swift Holiday Collection i avgrensa opplag.

Fearless var andre studioalbumet av Taylor Swift og kom ut 11. november 2008. Albumet selte nesten 600 000 kopier den første veka, og Taylor blei den første country-artisten som hadde selt så mykje den første veka.

Det tredje albumet, Speak Now, selde i éin million eksemplar i løpet av den første veka etter at det blei utgjeve den 25. oktober 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Taylor Swift

Kjelder[endre | endre wikiteksten]