Teak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teak


Tectona grandis i Kolkata i den indiske delstaten Vest-Bengal.
Tectona grandis i Kolkata i den indiske delstaten Vest-Bengal.

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Angiosperms
Eudicots
Asterids
Orden: Lamiales
Familie: Lamiaceae
Slekt: Tectona
Artar
  • Tectona grandis
Vitskapleg namn
Tectona

Teak (lat. Tectona spp.) er ei slekt av tropiske edeltre i familien Verbenaceae som er heimehøyrande i Sør- og Aust-Asia og som ofte utgjer ein komponent i monsunskog-vegetasjon. Teaktre er store, opptil 30–40 m høge tre som feller lauv i tørketida.

Det finst tre artar av teak:

  • Vanleg teak (Tectona grandis) er den kommersielt viktigaste og er vidspreidd i India og Indokina.
  • Dahat-teak (Tectona hamiltoniana) er ein lokal, endemisk art som berre finst i Myanmar (Burma), der han er rekna som truga.
  • Filippineteak eller Filippinsk teak (Tectona philippinensis) er ein endemisk art frå Filippinane som òg er rekna som truga.

Kultivering og bruk[endre | endre wikiteksten]

Teak er lett å arbeide med og har naturlege oljer som gjer han godt eigna til bruk på vêrutsette stader. Teak frå gamle og seintvaksne tre frå naturlege skogar er hardare og meir haldbart. Teak frå unge, rasktveksande plantasjetre er mindre haldbart og har ein tendens til oppflising og vasskader.

Vimanmek-slottet i Bangkok er bygd av teak.

Teak er særleg bruka som material til skipsdekk, utandørsmøblar, ytterdører og andre ting som treng å vera vêrbestandige og gjerne òg slitesterke. Til innandørs bruk er teak ein del bruka i tregolv. Tradisjonelt har teak òg vore bruka til inandørsmøblar som salongbord, spisebord, radiokabinett og liknande.


Mykje av verdas teakvirke er eksportert frå Indonesia og Myanmar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Teak