Tees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tees
elv
none  High Force i Tees
High Force i Tees
Land Flag of England.svg England
Kjelde Cross Fell
Munning Nordsjøen
Lengd 132 km
Nedslagsfelt 1 834 km²

Tees er ei elv i Durham og North Yorkshire i det nordlege England. Frå kjeldene i Penninane renn ho austover til munningen i Nordsjøen mellom Hartlepool og Redcar. Elva er 137 km lang, og har eit nedbørfelt på 1834 km². Dei største sideelvane er Leven, Skerne, Greta, Balder og Lune.

Elveløpet[endre | endre wikiteksten]

Elva har utspringet sitt på austsida av fjellet Cross Fell i Penninane, like innanfor grensa til Cumbria. Ho renn derfrå i austleg retning og inn i grevskapet Durham. I dette området, som blir kalla Teesdale, er ho omgjeve av eit øyde landskap med lyngheier og toppar på opptil 760 moh. Dette området er ein del av North Pennine Area of Outstanding Natural Beauty. Det er òg nyleg utpeikt som geologisk Europark, den første i Storbritannia.

Ei rekkje fossar og stryk, der elva renn over ei rekkje klipper av svart basalt, blir kalla Cauldron Snout. Frå rett nedanfor denne staden og til munningen utgjer Tees nestan utan avbrot grensa mellom dei historiske grevskapa Yorkshire og Durham, men etter lokalstyrereformen i 1974 ligg det meste av elva innanfor dei noverande grensene til Durham. Nedanfor Cauldron Snout blir dalen breiare, og tre og einskilde landsbyar byrjar å dukke opp langs elva. På denne strekninga dannar elva òg det kjende fossefallet High Force, ein av dei høgaste og mest vassrike fossane i England.

Tees renn så forbi Middleton-in-Teesdale, og landskapet blir etter kvart rolegare. Elva passerer byen Barnard Castle med Eggleston Abbey og Rokeby Hall. Dalen opnar seg no heilt opp, og elva slynger seg over det frodige og flate jordbrukslandskapet sør og austom byen Darlington. Elva, som til no har helt i ein stort sett aust-søraustleg retning, vender no mot nordaust, med kurs for dei tett folkesette områda ved Teesside.

Etterkvart som ho nærmar seg havet blir Tees ein viktig kommersiell vassveg der ho renn gjennom byane Stockton-on-Tees og Middlesbrough. Mellom desse to byane ligg Tees Barrage, og nedanfor denne demninga er elva påverka av tidvatnet. Nedanfor Middlesbrough vidar elva seg ut i eit breitt estuar. Her ligg òg Teesport, ei av travlaste hamnene i England, som er bygd på ein landfylling på sørsida av Tees. Elva munnar til slutt ut i Nordsjøen mellom byane Hartlepool i nord og Redcar i sør.

Endringar i elva[endre | endre wikiteksten]

På byrjinga av 1800-talet vart elva retta ut for å spare tid og pengar for båttrafikken. Mellom Stockton-on-Tees og Middlesbrough gjekk elva opphavleg i to store meanderar, først mot sør og deretter mot nord. To nye vassvegar, kalla «Mandale Cut» og «Portrack Cut» vart grave ut mellom elvesvingane for å rette ut elva. Før dette arbeidet vart gjort kunne båtreisa frå Thornaby til Middlesbrough, når ein tok omsyn til tidvatn og andre faktorar, ta like lang tid som turen frå munningen av Tees til London. Mandale Cut på 200 meter, gjennom den sørlege meanderen, var den kortaste av dei to snarvegane. Portrack Cut på rundt ein kilometer var langt lengre, sjølv om den nordlege meanderen han fjerna var langt mindre enn den sørlege. Ingen av meandearne er synlege i dag, med unntak av at den vesle Stainsby Beck renn inn i ein vassveg som på kart er merkt først som «The Fleet» og deretter «Old River Tees». Den nye demninga Tees Barrage ligg like ved Mandale Cut.

Heilt sidan desse utrettingane vart gjort har elva fortsett med å gjennomgå endringar i både elveleie og -breidder for å gjere ho djupare og lettare seglbar. Elva er gjort langt smalare gjennom dumping av skipsballast og slagg frå jernverk langs dei tidlegare breiddene, noko som har auka erosjon og utgraving av elvebotn. Kart laga før 1900[1] viser at elveløpet mellom Stockton og Middlesbrough var opptil 300 meter breitt, med mange grunnar og sandbankar. Dagens elveløp varierer stort sett mellom 100 og 200 meter.

Forureining[endre | endre wikiteksten]

Paddy's Hole på sørsida av Tees-estuaret ved Redcar.

Ved sandflatene Seal Sands i Tees-estuaret var det tidlegare koloniar av både steinkobbe og gråsel. Men etterkvart som det vart bygd ut meir og meir industri langs Tees auka òg forureininga som følgje av dette, og selbestandane gjekk sterkt tilbake. Over ein periode på 10 år var desse dyra heilt borte frå estuaret på grunn av forureining. Men i løpet av dei siste åra har vasskvaliteten vorte dramatisk betra, og selane kan igjen observerast både i sjølve estuaret og på slettene ved Seal Sands.[2] Seal Sands-området er no utpeikt som «Teesmouth National Nature Reserve».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The History of the River Tees in Maps, 3rd. Eid. (2001), D.W. Pattenden, published by Cleveland and Teesside Local History Society ISBN 0-9507199-6-X
  2. "Natures World" Natures World Tees Feature

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tees