The Soul of Ike & Tina Turner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Soul of Ike & Tina Turner
Studioalbum av Ike & Tina Turner
Språk engelsk
Utgjeve 1961
Innspelt 1959-1960
Sjanger R&B, blues, soul
Lengd 31:39
Selskap Sue LP-2001
Produsent Ike Turner, Juggy Murray
Ike & Tina Turner-kronologi 
- The Soul of Ike & Tina Turner Don't Play Me Cheap
(1962)


The Soul of Ike & Tina Turner er debutalbumet til Ike & Tina Turner, gjeve ut på Sue Records i 1961. Det er kjend for debutsingelen til duoen, «A Fool in Love» og den mindre suksessrike singelen «I'm Jealous» og R&B-hitten «I Idolize You».

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

I 1957 fekk Ann Bullock lov til å syngje med den erfarne Ike Turner's Kings of Rhythm som korvokalist , og var den første kvinnelege vokalisten som vart med i bandet til Turner sidan Annie Mae Wilson Turner, ein av dei tidlegare konene til Turner, tidleg i 1950-åra. Ike Turner hadde eit godt rykte som talentspeidar, A&R-mann og bandleiar, og skreiv ein av dei aller første rock and roll-songane, «Rocket 88». Då Ann Bullock kom med i bandet, var Turner og bandet hans særs populære i musikkmiljøet i St. Louis. Opphavleg vart «A Fool in Love» skriven av Turner i 1959 som ein singel for den dåverande frontvokalisten i the Kings of Rhythm, Art Lassiter. Lassiter og Turner krangla om honorara for songen og Lassiter forlet innspelinga før songen var ferdig innspelt. Turner hadde ingen planar om gjere Ann Bullock til frontvokalist, men spurte om ho kunne synge songen, for sidan å erstatte vokalsporet med vokalen til Lassiter.

Ike Turner sendte så innspelinga til New York der Sue Records-direktøren Juggy Murray høyrde songen og overtydde Turner om å halde vokalen til Bullock. Turner fekk 25 000 dollar av Murray for å nytte vokalen til Bullock på songen. Før songen kom ut og det vart skrive kontrakt med Sue Records, valde Ike Turner å gå for Bullock som frontvokalist, og endra namnet hennar til Tina Turner, noko Tina ikkje var klar over før ho høyrte namnet på radioen då songen vart spelt. Det originale scenenamnet hennar var Little Ann. Namnet på bandet til Ike Turner vart òg endra frå Ike Turner & The Kings of Rhythm (eller The Rhythm Rockers som han stundom kalla dei) til The Ike & Tina Turner Revue. Songen kom ut våren 1960 og vart raskt ein R&B-hit, og gjekk òg inn på popsingellista, der han nådde topp 30. Dette sette i gang eit hektisk liv med innspeling av nye album og turnear innimellom innspelignane, fram til Tina Turner skilde seg frå Ike i 1976. Albumet vart skrive då gruppa var på turne og kom ut i 1961.

I tillegg til «A Fool in Love», gav Sue Records ut to singlar til - «I'm Jealous» seint i 1960 og «I Idolize You». Medan «I'm Jealous» vart ein flopp, vart «I Idolize You» nesten like populær som «A Fool in Love» og nådde topp 5 på R&B-lista, men gjekk aldri inn på pop-lista. «A Fool in Love» vert stundom rekna som byrjinga på soulsjangeren. Sjølv om Tina Turner song dei fleste songane på albumet, song Ike Turner og Tina duett på somme songar, «You Can't Blame Me» og «You're My Baby». The Artettes, ei jentegruppe Ike Turner hadde leigd in kort tid etter han gjorde Tina til frontsongar i bandet sitt, vart nytta til å synge korvokal på albumet. Sidan endra Ike Turner namnet deira til The Ikettes og dei heldt fram å synge korvokal for the Revue fram til midten av 1970-åra.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ike Turner, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«I'm Jealous»2:13
2.«I Idolize You»2:53
3.«If»2:10
4.«Letter from Tina»2:38
5.«You Can't Love Two»2:56
6.«I Had a Notion» (Joe Morris)2:58
Side to
Nr.TittelLengd
7.«A Fool in Love»2:53
8.«Sleepless»2:51
9.«Chances Are»3:42
10.«You Can't Blame Me»2:13
11.«You're My Baby»2:22
12.«The Way You Love Me»1:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Solovokal av Tina Turner utanom på «You Can't Blame Me» og «You're My Baby» som er duettar med Ike og Tina Turner
  • Korvokal av The Artettes (The Ikettes)
  • Alle instrument av Ike Turner and The Kings of Rhythm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]