River Deep – Mountain High

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
River Deep – Mountain High
Singel av Ike & Tina Turner
frå albumet River Deep – Mountain High
Utgjeve mai 1966
Innspelt Gold Star Studios, Los Angeles, 1965
Sjanger Pop, soul
Lengd 3:40
Selskap Philles
131
Låtskrivar(ar) Phil Spector
Jeff Barry
Ellie Greenwich
Produsent Phil Spector[1]
Ike & Tina Turner-kronologi
«I Can't Believe What You Say (For Seeing What You Do)»
(1964)
River Deep – Mountain High «A Man Is a Man Is a Man»
(1966)
River Deep – Mountain High
Singel av Deep Purple
frå albumet The Book of Taliesyn
B-side «Listen, Learn, Read On"
Utgjeve februar 1969
Innspelt oktober 1968
i De Lane Lea i London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 2:35 (singel)
10:12 (album)
Selskap Tetragrammaton (US)
Produsent Derek Lawrence
Deep Purple-kronologi
«Kentucky Woman»
(1968)
River Deep – Mountain High «Black Night»
(1970)
River Deep Mountain High
Singel av Eric Burdon & The Animals
frå albumet Love Is
B-side White Houses
Utgjeve 1969
Innspelt oktober 1968
Sjanger Hardrock, progressiv rock
Lengd 3:52 (singel)
7:26 (album)
Selskap MGM
Produsent Tom Wilson
Eric Burdon & The Animals-kronologi
«Ring of Fire»
(1969)
River Deep Mountain High

«River Deep – Mountain High» er ein song frå 1966 av Ike & Tina Turner. Han vert av produsent Phil Spector rekna for å vere det beste arbeidet hans,[2] og singelen gjorde det bra i Europa med ein 3. plass i Storbritannia, sjølv om den første utgåva floppa i USA. Spector var nøgd med responsen frå både kritikarar og likemenn,[1] men han trekte seg så bort frå musikkindustrien for to år, og karrieren hans byrja å gå nedover.

Etter at Eric Burdon spelte inn songen i 1968, vart singelen gjeven ut på ny og har sidan vorte ein av signatursongane til Tina Turner.

I 1999 vart «River Deep – Mountain High» innlemma i Grammy Hall of Fame.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen er skriven av Spector, Jeff Barry og Ellie Greenwich og var av dei første innspelingane Ike & Tina Turner gjorde for Phil Spector sitt Philles Records. Spector var godt kjend med at Ike Turner var særs kontrollerande i studio, og kom derfor med ein uvanleg kontrakt: albumet River Deep – Mountain High og singelen skulle tilskrivast «Ike & Tina Turner», men Ike fekk $20 000 for å halde seg borte frå studio og berre vokalen til Tina Turner skulle spelast inn.[3]

Songen vart spelt inn ved hjelp av Spector sin «Wall of Sound»-teknikk, som kosta $22 000, noko som var heilt uhøyrt på den tida. Dette kravde 21 studiomusikarar og 21 korvokalistar. Sidan Spector var ein perfeksjonist i studio fekk han Turner til å synge songen om att og om att i timevis før han føte det perfekte opptaket vart gjort. I magasinet Rolling Stone sa Turnet: «Eg må ha sunge songen 500 000 gonger. Eg var våt av sveitte. Eg måtte ta av meg t-skjorte og stå der i BHen og synge.»

Innspelinga av songen vart seinare dramatisert i den sjølvbiografiske filmen om Tina Turner, What's Love Got to Do with It der Phil Spector vitjar Ike og Tina i garderoben etter ein konsert på Hollywood A Go-Go og fortel Tina (spelt av Angela Bassett) at han vil ha ho til å synge inn ein song han hadde skrive for ho. Minuttar seinare bryt Ike Turner (spelt av Laurence Fishburne) inn i samtalen, men vert synleg arg då Spector fortel han at han berre ynskjer Tina. Etter at ein kan sjå Tina synge inn songen med Bassett som mimer til den originale innspelinga frå 1965, ser ein Ike Turner som lyttar til songen på radio, medan Tina går att og fram på golvet for å vente på reaksjonen hans. Då Ike går bort til ho, seier han misunneleg «you did good» og går der frå. Under gravferda til Ike Turner i 2007 sa derimot Phil Spector at filmen tok feil og at han hadde eit godt forhold med Ike Turner.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Singelen gjekk ikkje høgare enn 88. plass på poplista i USA. Sjølv om singelen gjorde det mykje betre i Storbritannia med ein tredjeplass, vart Spector så desillusjonert at han forlet plateindustrien heilt dei neste to åra, og berre stundom gjekk i studio etter det.[4]

Seinare sette Rolling Stone songen på 33. plass på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.

George Harrison hylla plata,[1] og sa «ei perfekt plate frå start til slutt.»

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

1960-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1967 spelte Harry Nilsson (som hadde arbeidd med Spector som låtskrivar tidlegare i karrieren) ein coverversjon av songen for det første albumet hans på RCA Victor, Pandemonium Shadow Show. Deep Purple spelte så inn ein ti minuttar lang episk versjon av songen for albumet The Book of Taliesyn i 1968. Ei forkorta utgåve av songen vart gjeven ut som singel i USA og nådde 53. plass tidleg i 1969 og 42. plass i Canada.

Den originale Ike and Tina Turner-versjonen av songen vart gjeven ut att på ny same året og fekk denne gongen den merksemda Spector hadde ønska. Fleire versjonar er spelte inn sidan, inkludert forskjellige innspelingar av Ike and Tina Turner som ikkje har Spector sin «Wall of Sound»-stil, samt nokre av Tina Turner aleine utan Ike Turner.

Eric Burdon & The Animals spelte inn songen i 1968 for albumet Love Is. Denne var òg på samleplata deira frå 1969, The Greatest Hits of Eric Burdon and The Animals. I 1985 spelte Burdon inn eit konsertopptak av songen som kom ut i 1992 på That's Live. Han spelar framleis songen på konsertane sine.

Det australske bandet, The Easybeats, spelte ein versjon av songen 1967. Ein annan vertsjon vart spelt inn av 2 of Clubs, ein amerikansk kvinneleg popduo.

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

The Shadows spelte inn ein instrumental versjon av songen i 1970 for albumet Shades of Rock.

The Bob Seger System gjorde ein lengre versjon av songen i 1970 for Mongrel.

Supremes utan Diana Ross og The Four Tops spelte inn dei mest suksessrike versjonane av songen. Singelen var ein av fleire innspelingar dei to gruppene frå Motown gjorde i lag. Singelen vart gjeven ut på albumet The Magnificent 7, og nådde 14. plass på lista i USA i 1971. Singelen nådde òg 11. plass i Storbritannia og 25. plass i Nederland.

Claude François, ein fransk songar og låtskrivar, spelte inn ein fransk versjon av songen kalla Combien de Rivières.

Det australske punkbandet The Saints gjorde ein villare versjon av songen på deira One To Three Four EP.

Tina Charles song songen på den første fjernsynsframferda hennar på The To Ronnies i 1971.

Top of the Poppers spelte songen på albumet Top of the Pops, Volume 18.

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Katrina and the Waves gjorde ein livleg versjon av songen i 1985, men dette vart ikkje gjeven ut på nokre av studioalbuma deira.

Songen vert nytta i musikalen, Leader of the Pack, frå 1985, basert på livet til låtskrivar Ellie Greenwich. Denne versjonen vart sungen av Darlene Love (som spelar seg sjølv i showet) og vert rekna som ein av dei mest populære versjonane av songen.

Den engelske synthpopduoen Erasure spelte inn songen i 1988 for albumet The Innocents.

Flamin' Groovies spelte òg inn songen tidleg i 1981.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

I seinare år har mellom andre Jimmy Barnes, Annie Lennox, Neil Diamond, Céline Dion, Fefe Dobson, Mary Wilson, Meat Loaf, Cosima De Vito, Nicola Roberts, Jessie Buckley, Bonnie Tyler og Dolly Parton spelt songen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Show 21 - Forty Miles of Bad Road: Some of the best from rock 'n' roll's dark ages. [Part 2] : UNT Digital Library
  2. Ribowsky, Mark. He's a Rebel. Cambridge, MA: Perseus, 2007.
  3. Richard Williams, Phil Spector: out of his head, page 111. Omnibus Press, 2003, ISBN 0711998647. 
  4. Michael Billig, Rock 'n' roll Jews, page 110. Syracuse University Press, 2001, ISBN 0-8156-0705-9. 
  5. «Ike & Tina Turner Featuring Tina* – River Deep - Mountain High». www.discogs.com. http://www.discogs.com/Ike-Tina-Turner-Featuring-Tina-River-Deep-Mountain-High/release/1137827. Henta 28. mai 2012 October 9, 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


34:
 «You've Lost That Lovin' Feelin'» 
The Righeous Brothers
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
33


Ike and Tina Turner – «River Deep – Mountain High»

32:
 «Sympathy for the Devil» 
The Rolling Stones