Thorpe St Andrew

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thorpe St Andrew
Horisonten til Thorpe St Andrew
Styresmakter
Distrikt
Grevskap
Land
Broadland
Norfolk
Storbritannia
Geografi
Flatevidd 7,05 km²
Innbyggjarar 13 762

Thorpe St Andrew er ein landsby i Norfolk i England. Han ligg nord for elva Yare, rundt tre kilometer aust for Norwich, som han er forstad til. Thorpe St Andrew er administrasjonssenter for distriktet Broadland.

Landsbyen er nemnd i Domesday Book frå 1000-talet, der namnet er stava «Torp». Namnet er skandinavisk. Vikingane kom truleg til East Anglia så tidleg som år 870. I 1004 siglde Svein Tjugeskjegg opp elva til Norwich.

Delar av den opphavlege landsbyen er synlege langs Yarmouth Road, vegen austover frå Norwich til Great Yarmouth. Her ligg mellom anna soknekyrkja St. Andrew's, den gamle skulebygningen og pubane Riverside og Buck. På 2000-talet har Thorpe St Andrew blitt utvida austover, med bustadområdet Dussindale som det største tillegget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Thorpe St Andrew

Kjelder[endre | endre wikiteksten]