Charles Mingus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charles Mingus, New York 4. juli 1976

Charles «Charlie» Mingus (22. april 19225. januar 1979) var ein amerikansk jazz-bassist, bandleiar, pianist og ein av dei viktigaste jazzkomponistane rundt midten av 1900-talet.

Mingus blei fødd på ein militærbase i Arizona, men voks stort sett opp i Watts, Los Angeles.

Av albuma til Mingus finn ein blant andre The Clown (1957) og Mingus Ah Um (1959). Han skapte ein heilt eigen, unik form for jazzmusikk og unngikk bevisst å bli plassert i ein kategori.

Charles Mingus opptredde med og spelte inn album med mange av det mest namngjetne i jazzen: Dizzy Gillespie, Miles Davis, Lionel Hampton, Dave Brubeck, Duke Ellington og Charlie Parker.

Mingus leid i periodar av depresjon. Han kunne til tider arbeide frenetisk og skape mykje musikk, men desse periodane blei ofte følgd av ganske lange periodar men minimal produksjon. Han var kjent for å ha eit notorisk dårleg temperament på scenen og det kunne gå ut over både orkestermedlemmene og publikum.

I 1977 fekk Mingus diagnosen ALS – amyotrofisk lateralsklerose – ein motorisk nervesjukdom som innebar att både konsertverksemd og skapande arbeid tok slutt. I 1979 blei hans siste album gitt ut, Mingus, som han gjorde saman med Joni Mitchell. Han døydde før plata var ferdig, men Mitchell la siste hand på verket.

Diskografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1954: Jazzical Moods
  • 1956: Pithecanthropus Erectus
  • 1957: The Clown
  • 1957: Tijuana Moods
  • 1957: New Tijuana Moods
  • 1957: The Jazz Experiments of Charles Mingus
  • 1959: Blues & Roots
  • 1959: Mingus Ah Um
  • 1959: Mingus Dynasty
  • 1960: Pre Bird
  • 1960: Mingus at Antibes
  • 1960: Blues & Roots
  • 1960: Charles Mingus Presents Charles Mingus
  • 1962: Oh Yeah
  • 1963: The Black Saint and the Sinner Lady
  • 1963: Mingus Plays Piano
  • 1963: Mingus Mingus Mingus Mingus Mingus
  • 1972: Let My Children Hear Music
  • 1974: Changes One
  • 1974: Changes Two
  • 1976: Cumbia & Jazz Fusion
  • 1977: Three or Four Shades of Blue
  • 1979: Me, Myself an Eye
  • 1990: Epitaph

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Brian Priestley: Mingus: A Critical Biography, Quartet Books, London, 1982, ISBN 0-7043-2275-7
  • Todd S. Jenkins: I Know What I Know: The Music of Charles Mingus, Westport, CT / London: Praeger 2006, ISBN 0-275-98102-9
  • Gene Santoro Myself when i m real- the life and music of Charles Mingus, Oxford University Press 2000, ISBN 0-19-514711-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]