Tom ved Ob
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Tom | ||
|
|
||
| Utspring | Abakanfjella | |
| Munning | Ob | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 827 km | |
| Middelvassføring | 1100 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 62 000 km² | |
Tom (russisk Томь) er ei elv i Khakasia, Kemerovo og Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre. Elva er 827 km lang og har eit nedslagsfelt på 62 000 km². Elva har ei middelvassføring på 1100 m³/s eller 35 km³ per år.
Elva har utspring i Abakanfjella, ei nordleg fortsetjing av Altajfjella, og renn nordover gjennom Kuznetsksenkinga. Ho munnar ut i Ob rundt 50 km nord for Tomsk.
Dei største byane langs Tom er Mezjduretsjensk, Novokuznetsk, Kemerovo, Jurga, Tomsk og Seversk.
Dei største sideelvane hennar er Aba, Bel-Su, Kondoma, Mras-Su, Nedre Ters, Midtre Ters og Øvre Ters, Tutujas og Usa.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Томь (приток Оби)» frå Wikipedia på russisk, den 26. oktober 2008.