Tonika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tonika (frå gresk tonos, 'spaning') er eit musikkteoretisk namn på treklangen over grunntonen i ein dur- eller mollskala. I engelskspråkleg musikkteori blir namnet tonika òg nytta om grunntonen i eit musikkstykke og difor blir det ofte forveksla med grunntonen i andre treklangar.

Namnet «tonika» kjem frå Jean-Philippe Rameau (1683-1764) og omgrepet hans «l'accord tonique» («grunntonen sin akkord» eller «den betonte akkorden»). I følgje han var det viktigaste med tonikaen evna til å stå i sentrum av alle harmoniske spenningsfelt, omtrent som ein magnet. Tonikaen og dei relaterte akkordane tonikamediant og tonikasubmediant blir kalla det tonale sentrum.

Etter at Hugo Riemann introduserte funksjonsteorien har tonika blitt ein fast definert storleik, og står i forhold til dominant, subdominant og andre diatoniske akkordar. Nesten all den europeiske og nordamerikanske klassiske musikken frå ca. 1600 til ca. 1915 er tonal som tyder at vi kan skildre han ved hjelp av omgrep frå funksjonteorien; vi kan tolke alle akkordane etter korleis dei er knytte til tonika. Tonika er oftast den første og siste akkorden i eit musikkstykke.

Mange har freista å utvide funksjonteoriens nytteområde til bluesbasert musikk som jazz og rock, men har det vist seg at det er vanskeleg å skildre improvisert musikk med omgrep som føreset at alle akkordane står i eit fast forhold til tonika. Difor er det blitt vanleg å anten nytte trinnanalyse eller akkordbesifring, ikkje berre i blues, jazz og rock, men òg i visesong og folkemusikk. Akkordbesifringa skildrar ein akkord ut frå tersstrukturen (treklang = to tersar, firklang = tre tersar osv.). Til dømes er ein Cmaj7 ein firklang som er samansett av ein C-dur treklang med ein stor ters på toppen. Intervallet mellom grunntonen og den øvste tonen er følgjande ein stor (= maj) septim.

Trinnanalyse gjer det same, men seier òg noko om kor akkorden ligg i forhold til tonika. Til trinnanalysen nyttar vi romartal. Er tonearten C-dur, beskriver II7 ein Dm7akkord, dvs. ein septimakkord på det andre trinnet i tonearten.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]