Tony Williams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tony Williams (12. desember 194523. februar 1997) var ein amerikansk jazztrommeslagar.

Williams voks opp i Boston, der han tok timar hjå trommeguruen Alan Dawson frå ein ung alder. Allereie tidleg i tenåra hadde han spelejobbar kring byen, og han vart fast medlem i Jackie McLean sitt band som syttenåring. Nokre månader seinare vart han med i Miles Davis sin kvintett, med Herbie Hancock, Ron Carter og Wayne Shorter. Dette bandet stod heilt sentralt i utviklinga av jazzmusikken i 1960-åra, og tromminga til Williams var ein essensiell del av lydbiletet. I denne tida spelte rytmeseksjonen også inn plater utan Davis, og Williams var i tillegg med på den klassiske Eric Dolphy-utgjevinga «Out to Lunch».

Den pur unge trommeslagaren fekk, saman med Elvin Jones, æra for å føre jazztromminga vidare frå bop-stilen som Kenny Clarke og Max Roach hadde utvikla dei føregåande tiåra. Dei viktigaste endringane i høve til den eldre stilen gjekk ut på måten dei braut opp pulsen og det tradisjonelle swingmønsteret ved mellom anna å bruke polyrytmiske figurar og ved å endre måten hihaten vart nytta i kompinga. Williams vart kjent for å kunne spele særs høglytt og med enorme tekniske ferdigheiter, og han hadde eit repertoar av improvisasjonsidear tilsynelatande utan grenser. Stilen dei skapte, har halde seg som den viktigaste tradisjonen i måten moderne jazztrommer vert spelt i dag.

Williams heldt fram med Davis til 1969, då han grunnla Life Time-trioen med gitaristen John McLaughlin og organisten Larry Young. Bandet har seinare vorte omtala som det første store fusion-bandet. Etter dei hadde spelt inn tre plater som fekk varierande mottaking, braut bandet opp. Williams heldt fram ei stund i trioformatet saman med gitaristen Alan Holdsworth. Han forsvann så frå rampelyset nokre år, før han mot slutten av 1970-åra på nytt spelte med den gamle rytmeseksjonen til Davis i bandet V.S.O.P. I midten av 1980-åra starta han eit nytt band, som spelte inn plater og turnerte fram til han uventa døydde i 1997, som fylgje av ein hjarteinfarkt under ein operasjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]