Max Roach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Max Roach

Max Roach (10. januar 192416. august 2007) i Manhattan var ein amerikansk trommeslagar, bandleiar og jazzmusikar.

Roach vart fødd i New Land, North Carolina, og flytta som barn til New York. I 1942 fullførte han musikkstudiane ved Manhattan School of Music, og han kom raskt inn i bebopmiljøet. Her vart han særleg påverka av trommespelet til Kenny Clarke, og han byrja å spele med Coleman Hawkins i 1943. I løpet av 1940-åra spela han med mellom andre Dizzy Gillespie, Charlie Parker, Stan Getz og Miles Davis.

Saman med trompetisten Clifford Brown, starta Roach i 1954 eit band som skulle bli svært viktig for utviklinga av sjangeren hardbop. Med dette bandet etablerte han seg som ein av dei fremste trommeslagarane i etterkrigstida. Etter Brown og pianisten Richie Powell døydde i ei bilulukke i 1956, samla Roach eit nytt band. Trompetistane Kenny Dorham og Brooker Little, saksofonisten George Coleman og pianisten Ray Bryant er blant dei som var innom dette bandet i løpet av 1950-åra, og i 1960-åra spela han med mellom andre Freddie Hubbard, Cecil Bridgewater og Cedar Walton. Saman med Duke Ellington og Charles Mingus spelte han inn plata Money Jungle i 1962.

Roach markerte seg som ein forkjempar for afroamerkianarane sin plass i det amerikanske samfunnet. I 1960 komponerte han musikken til plata We Insist - Freedom Now!!, ein protest mot rasisme i USA. Tekstane var skrivne av Oscar Brown, Jr, og Abbey Lincoln, som seinare (1962-1970) var gift med Roach, song på plata.

I 1970-åra starta han perkusjonsensembelet M'Boom. I tillegg til dette bandet, spela han vidare med sin ordinære kvintett og opptredde med musikarar som Dizzy Gillespie, Anthony Braxton og Abdullah Ibrahim. Roach heldt den aktive karrieren i gang til rundt 2000, då Alzheimers sjukdom tvinga han til å trappe ned på spelinga. Roach døydde i New York City i 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Shadwick, Keith (1998): Jazz: legends of style. London: The Apple Press.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]