Tore Schei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tore Schei (fødd 19. februar 1946) i Oslo er norsk høgsterettsjustitiarius frå 1. august 2002.

Schei avla juridisk embetseksamen i 1971. I perioden 1972-1981 var han advokatfullmektig, seinare advokat, Høgsterettsadvokat i 1974, hos Regjeringsadvokaten. Han hadde i denne perioden også eit studieopphald i London og var dommarfullmektig frå 1975 til 1976 i Ytre Follo heradsrett. I 1981 blei han lagdommar i Eidsivating lagmannsrett. 18. oktober 1985 blei han utnevnt til høgsterettsdommar og han tiltredde 1. mars året etter.

Schei har også leia det skandinaviske granskingsutvalet etter Scandinavian Star-ulykka og utvalet som la fram forslag til den nye tvistelova. Han er dessutan forfattar av den omfattande kommentarutgåva til lova og skreiv også kommentarutgåva til den tidlegare gjeldande tvistemålslova frå 1915.

Schei blei i 2002 utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.

Tore Schei er son til Andreas Schei, som var høgsterettsdommar og den første Sivilombodsmannen i Noreg. Tore Schei er brorson til Nikolai Schei, kjend som formann i Schei-komiteen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Tore Schei hos Domstol.no, vitja 13. juni 2010