Trastefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trastefamilien


Gråtrast, Turdus pilarisFoto: Adam Kumiszcza
Gråtrast, Turdus pilaris
Foto: Adam Kumiszcza

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Turdidae

Trastefamilien (Turdidae) er små til mellomstore sporvefuglar. Familien er utbreidd over det meste av verda og har nær 180 artar. Den største slekta i familien er Turdus med 68 artar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Trastar er fyldige, små til mellomstore fuglar, med mjuk fjørdrakt som lever i skogområde, og ofte beitar på bakken eller et små frukter. Dei søraustasiatiske kortvengene, kan vere dei minste trastane slik familien er sett saman no. Alvekortveng er gjennomsnittleg 12 centimeter i lengd. Den største trasten er blåplystretrast, på 178 g og 33 cm. Stortrast er lik i lengd, men mindre kraftig bygd.[1] Dei fleste artane er gråe eller brune i farga, ofte med flekkete underside.

Dei er insektetande, men dei fleste artane et òg ormar, landsniglar og frukt. Mange artar er stasjonære i varme strøk, medan andre trekkjer til høgare breiddegrader om sommaren, ofte over store avstandar.[2]

Trastar byggjer koppforma reir, nokre gonger kledd med tørka gjørme. Dei legg to til fem flekkete egg, nokre gonger kan dei ha to eller fleire kull per år. Begge foreldra hjelper til å syte for ungane.[2]

Songane av nokre artar, inkludert medlemmer av slektene Catharus, Myadestes, og Turdus, ansast å vere blant dei venaste i menneskelege øyre frå fugleverda. [3]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Trastane var tidlegare ofte delt inn i to hovudgrupper. Stortrastar og småtrastar, sistnemnde med 200 artar og 33 slekter. Nyare forsking har vist at småtrastane er nærare i slekt med flugesnapparar enn med dei eigentlege trastane, noko som gjorde gruppa parafyletisk. I dag er derfor småtrastar klassifisert som flugesnapparar.

Av norske fuglar vert desse tradisjonelt rekna til stortrastar:

Trastefamilien i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [5]

Slekt Neocossyphus

Slekt Monticola

Slekt Myophonus

Slekt Geomalia

Slekt Zoothera

Slekt Cataponera

Slekt Nesocichla

Slekt Sialia

Slekt Myadestes

Slekt Catharus

Slekt Hylocichla

Slekt Psophocichla

Slekt Entomodestes

Slekt Cichlopsis

Slekt Turdus 68 «verkelege» trastar

Slekt Ixoreus

Slekt Ridgwayia

Slekt Chlamydochaera

Slekt Brachypteryx

Slekt Heinrichia

Slekt Alethe





Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Thrushes by Peter Clement. Princeton University Press (2001), ISBN 978-0-691-08852-5.
  2. 2,0 2,1 Perrins, C. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 186–187. ISBN 1-85391-186-0. 
  3. http://rogcad.com/hermitthrush/index.htm
  4. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011 
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Olav Hogstad: Norges dyr Fuglene 3. Cappelen, 1991.
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trastefamilien