Flugesnapparfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flugesnapparfamilien


Ulike artar frå Ficedula, ei slekt i flugesnapparfamilien.
Ulike artar frå Ficedula, ei slekt i flugesnapparfamilien.

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Muscicapidae

Vigors1825

Flugesnapparfamilien, Muscicapidae, er ein familie av over 300 artar sporvefuglar utbreidd i Afrika, Asia og Europa. Dette er små fuglar, som ofte fangar insekt i flukt.

Karakteristika[endre | endre wikiteksten]

Utsjånaden til desse fuglane er mykje variert, men dei fleste har svake songar og skarpe rop. Dei er små til mellomstore fuglar, som varierer frå 10 til 21 centimeter i lengd. Mange arter er matt brune, men fjørdrakta av nokre artar kan vere mykje ljosare, spesielt hannar. [1] Dei fleste har breie, flate, nebb, eigna til å fange insekt i flukt, jamvel om nokre artar som finn føde på bakken vanlegvis har finare nebb. [2]

Fuglar i flugesnapparfamilien lever i nesten alle typar miljø der det finst passande åtkomst av tre, frå tett skog til opne kratt, og til og med i høgtliggande skog i Himalaya. Dei mest nordlege artane trekkjer sørover om vinteren, noko som sikrar ein kontinuerleg diett av insekt. [2]

Avhengig av art, er reiret anten godt konstruert og koppforma plassert i eit tre eller på ei fjellhylle, eller inne i eit eksisterande hòl i eit tre. Hòlhekkande artar har ein tendens til å leggje større kull, med eit gjennomsnitt på åtte egg, i staden for vanlege berre to til fem. [2]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Delinga av flugesnapparfamilien i to underfamiliar Muscicapinae, kalla eigentlege flugesnapparar, og Saxicolinae kan vere kunstig. Nokre slekter i ei gruppe er nærare knytt til medlemmar av den andre og vice versa. Når dei eksakte tilhøva av medlemmene til familien blir nærare utgreidd kan det bli naudsynt å radikalt revidere den interne taksonomiske strukturen i familien.

Flugesnapparfamilien i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler,[4] utan omsyn på inndeling i underfamiliar:

  • Skogskvett, Stiphrornis erythrothorax, Forest Robin
  • Nattergal, Luscinia luscinia, Thrush Nightingale, LC, Linné, 1758
  • Sørnattergal, Luscinia megarhynchos, Common Nightingale, LC, Brehm, 1831
  • Vifteraudstjert, Luscinia phaenicuroides, White-bellied Redstart
  • Blåstrupe, Luscinia svecica, Bluethroat, LC, Linné, 1758
  • Grandala, Grandala coelicolor, Grandala

Hekkefuglar av Muscicapinae i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Old World Flycatchers Muscicapidae». artfullbirds.com. http://www.artfullbirds.com/Old%20World%20Flycatchers.html. Henta 3. juni 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Perrins, C. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 194–195. ISBN 1-85391-186-0. 
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Flugesnapparfamilien