Måndag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|
Måndag er dagen i sjudagersveka som kjem etter sundag og før tysdag. Dagen er kalla opp etter månen.
Innhaldsliste |
[endre] Første eller andre
Måndag blir rekna som den første dagen i veka i størstedelen av Europa, Afrika og Asia. På kinesisk heiter han xingqi yi, 'dag ein'. I nokre kulturar, som i jødedommen og islam, og i nokre land, mellom anna USA og Hellas, er han derimot rekna som den andre dagen i veka. På arabisk, hebraisk, gresk og portugisisk heiter dagen den andre dagen.
Ettersom sundag er helgedag i mange land, er måndagen i alle høve starten på arbeidsveka, og me har difor fått uttrykket blåmåndag om ein dag då ein, bokstaveleg eller metaforisk, vakner opp og angrer over festinga ein har gjort.
[endre] Religiøs tilknytting
Måndag hadde samband med guden Måne i norrøn gudetru.
I hinduismen er dagen, som heiter som-var ('månedagen') på sanskrit, særleg tileigna Sjiva, og det er vanleg å tilbe eller fasta for guden på måndagar. Det er vanlegare å fasta visse månader enn andre, og praksisen tek gjerne til i månaden sjravan.[1]
[endre] Sjå òg
- Den galne måndagen, eit uvêr som slo inn over Vestlandet måndag 11. mars 1822

