Ubuntu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Ubuntu Linux.
Desmond Tutu er ein av mange som har definert ubuntu.
(Foto: Benny Gool)

Ubuntu er ein etisk eller humanistisk ideologi som fokuserer på alliansar og relasjonar mellom menneske. Ordet kjem frå bantuspråka zulu og xhosa i Sør-Afrika. Ubuntu blir sett på som eit tradisjonelt afrikansk konsept.

Tyding[endre | endre wikiteksten]

Det er mange moglege omsettingar til norsk for ubuntu, dei inkluderer

  • «vere medmenneske for sine neste»
  • «eg er fordi alle vi er»
  • «eg er kva eg er på grunn av kva vi alle er»
  • «ein person blir menneskeleg gjennom andre personar»
  • «ein person er ein person på grunn av andre personar»

Ein definisjon er, «trua på eit universelt felles band som knyter saman alle menneske.»[1]

Erkebiskop Desmond Tutu gjorde i 1999 ein freistnad på ein lengre definisjon: «Ein person med ubuntu er open og tilgjengeleg for andre, aktar andre, kjenner seg ikkje truga av at andre er duglege og har det bra, for han eller ho har ei korrekt sjølvstadfesting som kjem frå å vite at han eller ho høyrer heime i ein større heilskap og blir nedtrykt når andre blir audmjuka eller nedtrykt, når andre blir torturert eller halde attende.»

Louw 1998 foreslår at konseptet ubuntu definerer individet etter alle relasjonane dei har til andre individ, og framhevar verdet ubuntu har som eit religiøst konsept. Han slår fast at zulu-utrykket umuntu ngumuntu ngabantu («ein person er ein person gjennom (andre) personar») ikkje treng å ha nokre religiøse sidetydingar i ein vestleg samfunnskontekst, medan det i ein afrikansk omgjevnad tyder at ein førsteperson med ein menneskekjærleg framtreden er verdig vørdnad frå ein forfader. Dei som held oppe prinsippet om ubuntu gjennom livet sitt vil oppnå ei sameining med dei som framleis lever etter sin eigen død.

Nelson Mandela greier ut om ubuntu: «Om ein reisande gjennom land vårt vil kvile ved ein landsby, treng han ikkje spørje etter mat eller vatn. Med ein gong han stoggar vil folket gje han mat og hyggje. Dette er ei side av ubuntu, men ubuntu har mange sider. Ubuntu tyder ikkje at folk ikkje skal tenke på seg sjølv. Spørsmålet er derfor: Vil du handle på ein måte som hjelper samfunnet rundt til å verte betre?»

Forandring i Sør-Afrika[endre | endre wikiteksten]

Ubuntu blir sett på som eit grunnleggande prinsipp i den nye republikken Sør-Afrika, og vert kopla med ideen om ein afrikansk renessanse. [2] I den politiske sfæren blir konseptet ubuntu brukt for å legge vekt på naudsynet for sameining i avgjersler, så vel som naudsynet for ein passande humanitær etikk for å informere om desse avgjerslene.

Konseptet ubuntu blir illustrert i filmen «In My Country», om sannings- og forlikskomiteen i Sør-Afrika, med Samuel L. Jackson og Juliette Binoche.

Rwanda[endre | endre wikiteksten]

I Kinyarwanda, morsmålet i Rwanda, betyr ubuntu, mellom anna «menneskeleg sjenerøsitet» så vel som humanitet som over. Som elles i Afrika, blir ubuntu sett på som måten å leve på for alle menneske, å gi fritt til kvarandre og gjensidig hjelpe kvarandre.

Fleirtyding[endre | endre wikiteksten]

Kjelder og referansar[endre | endre wikiteksten]

Første versjon var ei omsetjing frå tilsvarande artiklar på Wikipedia på engelsk og bokmål slik dei var den 11. august 2007. Dei gav desse referansane:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]