Ugrasbalderbrå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ugrasbalderbrå
Ugrasbalderbrå
Ugrasbalderbrå
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Stamme: Anthemideae
Slekt: Balderbråslekta Tripleurospermum
Art: Ugrasbalderbrå T. inodorum
Vitskapleg namn
Tripleurospermum inodorum

Ugrasbalderbrå (Tripleurospermum inodorum), ofte berre kalla balderbrå, er ein art i korgplantefamilien. Blomen har korger med kvite tungekroner og gule røyrkroner.

Ugrasbalderbrå i Tyskland.

Ugrasbalderbrå er ein toårig plante. Korgene liknar dei til andre korgplantar av prestekragetypen, men bladverket er ganske annleis. Medan prestekrage har heile, taggete blad har balderbrå svært oppdelte blad med trådsmale bladflikar. I tillegg er veksestadene for desse to artane ganske ulike: prestekrage veks på tørr bakke, i vegkantaer og slåttemark, medan balderbrå er eit åkerugras. Han veks også kan i vegkantar, men då som regel fuktigare[1]

Namnet «balderbrå» tydr 'Balder sine augebryn'.[1] Planten er nemnd i Gylvaginning i Den yngre Edda, der han er samanlikna med venleiken til Balder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Helge Sjursen (2012) Balderbrå Tripleurospermum inodorum. Plantevernleksikonet, 2. mars 2012. Besøkt 2019-03-31.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]