Under My Thumb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Under My Thumb» er ein song av The Rolling Stones skriven av Mick Jagger og Keith Richards. Han kom først ut på albumet Aftermath i 1966, og sjølv om han aldri vart gjeven ut på singel er han ein av dei mest populære songane deira frå denne perioden. Han vart òg spelt inn av The Who i 1967.

«Under My Thumb» vart spelt mykje konsertar av bandet på turneane deira tidleg i 1980-åra, då han brukte å opne showet deira. Han har òg vorte spelt sporadisk i nyare tid.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Songteksten undersøker ein seksuell maktkamp, noko som var typisk for den opprørske og svakt kvinnehatske haldinga Stones dyrka på midten av 60-talet, men «Under My Thumb» var meir sofistikert enn dei andre kontroversielle songane Stones hadde gjeve ut fram til då.

Teksten til Jagger omhandlar songaren som endeleg har fått kontroll og makt over ei tidlegare freidig og dominerande kvinne. Med innhald som å «temme trollet» der kvinna vert samanlikna med eit «kjæledyr», ein «katt» og ein «hund» provoserte teksten mange, særleg feministar som protesterte mot den undertrykkande, seksuelle haldninga til den mannlege forteljaren. Jagger sa i eit intervju at songen ikkje er ein anti-kvinneleg song, og at han var ein karikatur og eit svar til ei særs freidig kvinne.[1]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Som med mange av songane frå Aftermath-perioden vert det nytta noko uvanlege instrument på «Under My Thumb» enn på tidlegare Stones-plater, mellom anna fuzzbass (spelt av Keith Richards), og Brian Jonesmarimba.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Etter at Mick Jagger og Keith Richards vart fengsla for narkotikabruk i 1967, spelte The Who inn songane «Under My Thumb» og «(This Could Be) The Last Time» og gav dei ut som ein singel. Meininga var å støtte Jagger og Richards med kausjon, men ironisk nok kom singelen ut same dag som dei vart slepte fri.

Blind Faith spelte songen på debutkonserten sin i 1969.

Del Shannon spelte songen på 1972-samlinga The Del Shannon Anniversary album.

Andre band som har spelt songen er Pentagram Streetheart, Social Distortion, Kim Carnes, Sam Kinison Michael Hutchence, Wayne Gibson, Ministry og Tina Turner.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Rolling Stone. Rolling Stone.