Andrew Loog Oldham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andrew Loog Oldham
AndrewLoogOldham.jpg
Andrew Loog Oldham
Opphav London i England
Fødd 29. januar 1944
Yrke Plateprodusent, manager, impresario og forfattar
Tilknytt artistar Rolling Stones, Small Faces, Marianne Faithfull, PP Arnold, The Nice, Ratones Paranoicos

Andrew Loog Oldham (fødd 29. januar 1944) er ein engelsk plateprodusent, impresario og forfattar. Han var manager for The Rolling Stones i 1960-åra og var kjend for ein prangande stil inspirert av Phil Spector.

Han vart pressesekretær for britiske og amerikanske rock and roll-songarar, samt produsenten Joe Meek, og gjorde noko PR for Brian Epstein, som prøvde å få fram the Beatles. Han fekk så tips av ein kollega om å undersøke eit ungt R&B band som heitte The Rolling Stones og i lag med kompanjongen Eric Easton tok han over styringa av bandet Giorgio Gomelsky. Bandet fekk platekontrakt med Decca.

Oldham hjelpte bandet å få eigarskap over sine eigne masterlydband, som Oldham så leigde til Decca. Han trefte på John Lennon og Paul McCartney, som gav han «I Wanna Be Your Man», som vart ein hit for the Stones. Han tvinga the Stones til å starte å skrive sine eigne låtar og han ordna den lurvete, slemme stilen for bandet som eit stykke for The Beatles. Mellom anna kom han opp med slagordet «Would you let your daughter marry a Rolling Stone?» («Ville du lete dottera di gifte seg med ein Rolling Stone»)".

Oldham oppdagde òg Marianne Faithfull på ein fest og gav ho songen «As Tears Go By» av Jagger og Richards.

Då han fekk narkotikaproblem selde han the Stones til Allen Klein i 1966.

I tida etter og like før han forlet the Roling Stones arbeidde han òg med artistar som PP Arnold, Chris Farlowe og the Small Faces. Etter at sistnemnde vart oppløyst i 1969, sette han saman Humble Pie, med Steve Marriott frå det tidlegare Small Faces og Peter Frampton.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]